- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
139

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aa ja. Lea har alltid vori ei vitug Gjente. Aa Gudskjelov;
aa Gudskjelov. No vert det betre, skal du sjaa, — for
oss med. Aa, eg tenkjer den verste Tidi er yvistridd no,
eg. Aa Gudskjelov; Gudskjelov. Det var no ikkje for
tidleg heller!

Mor var reint kløkkt. Men Fanny kom i mangeslags
Tankar.

Uff; det sagde seg sjølv; so snart ein var konfirmera
so kom alle desse Friarane . . .

XII.

Fanny gjekk for Presten; Teatre fekk det vera med
so lengi.

I dette halve Aare skulde ho berre tenkje paa Gud.
Grete, som og og gjekk for Presten, vilde ikkje vera med
paa Heimekomedie dessmeir. Dette var no elles klent
av Grete. For det fyrste var det ho som hadde fengi
det Tiltake i Gang; og for det andre var Stykke no mest
inn-øvt. Og Fanny var stød paa at ho kunde gjort det
godt. Ho skulde vera Kammerpike; og alt paa Prøvune
hadde dei klappa til henne. Men so drog Grete seg ifraa.
Ho gjekk for Pastor Løchen i Trefoldighetskyrkja og
hadde vorti gudeleg med same. Elles bar ho Ovund
til Fanny for den Kammerpika au. Det var noko som
Fanny hadde set lengi. So vart alt til inkjes for Grete
si Skuld; det var fælt klent gjort av Grete Magnesen.—-

— Fanny gjekk i Vestre Aker hjaa Kapellan Holck.
Denne Holck var au ein gild Prest, endaa han ikkje
naame nær kom upp mot Pastor Løchen. Ikkje var han
so ven heller. Han var mest ljot. Andlite var langt og
liksom skeivt; Nasen tunn med ein liten Kuv; Munnen
smal og stur; Ham-Llten skomakarbleik; Augo saag ut
berre som eit Par Rivur under Brunine. Heile Skap-

139

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free