Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
nåden var tunn, og Rørsiune seinvorne og stive. Han
saag fælt sorgfull ut. Mæle hans var ög sorgfullt; det
lyddest stilt og saart, liksom han tala i ei Sjukestogu.
Han smilte mest aldri. Men hende det at han smilte,
so vart han med ein Gong mest ven.
Han var glup til aa leggje ut Katekisma. Dei tie Guds
Böd vart som nye for Fanny; ho hadde aldri visst kva
det laag i deim fyrr. Ho var fælt syndefull. Uff, so mange
framande Gudar ho hadde havt, og uff, som ho hadde
misbruka Guds Namn; det gjekk som ein Skamrode
gjenom ho, at ho jamvel hadde banna. Verst vart det
i det fjorde Böde. Stille og døyvde som Ordi hans fall
vakte dei Samvite hennar som ei aahaldsam Kviskring;
ho vart som fastmana og nøydd til aa granske seg sjølv;
og gjenom den sjukelege Sorg i Mæle hans kjende ho
Guds Vreide yvi seg paa ein serskild Maate. Aa, ho hadde
vori eit leidt, stygt Barn; Gud hjelpe henne, so ofte som
ho hadde gjort Mor si vond. Tungt tona for øyro hennar
Domsrøystine fraa det gamle Testamente: det kunde ikkje
gange henne vel, og ho kunde ikkje liva lengi paa Jordi;
den som banna Far eller Mor skulde visseleg døy;
den som gjorde Mor si vond var bannstøytt av
Herren.
Aa, um Gud vilde spara henne. Og lata henne faa
liva endaa eit Bil. Daa skulde det bli annarleis. Ho
skulde bli eit anna Menneskje. Berre snild vilde ho
vera mot Mor si. Ho gjekk heim brennande av gode
Tankar. Stakkars Mor; ho hadde havt det vondt. Berre
vondt hadde ho havt det. Berre Slit og Stræv; berre
Vesalldom og Møde. Og so fekk ho ikkje Glede av sine
eigne Born dessmeir. Ikkje Lea heller var som ho
burde vera mot henne. Tenk, lata Mor si liva i Armod,
naar ho sjølv hadde vorti rik! Det var laakt av Lea.
Laakt var det; Mor hadde Grunn til aa vera misnøgd.
140
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>