- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
141

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so dette vonde med Tom. Uff; det var liksom alt
vondt skulde samstelle seg mot ho Mor, Stakkar. No
hadde ho saa smaatt teki til aa gjera seg Vonir um Tom;
det er ingi Ervingar til Elmerud, hadde ho sagt; kven
veit; Jomfru Aaberg er glad i Guten; kann han no berre
vera vitug og gjera seg Nytte av det... — Og so med
ein Gong gjeng den Gutungen sta, eit halvt Aar etter
han er framsloppin, og rømer til Amerika med Budeigja
til Jomfru Aaberg! — Stakkars Mor. Uff; dersom Tom
fekk vita kor ho hedde harma seg og graati, han fekk
aldri ein glad Dag meir. Og det vilde vera som det høvde
aat den Ufjelga til Gutunge.

No tok det til aa bli dei Tidine for ho Mor, at ho ikkje
hadde andre enn Borni sine aa lite paa. Onkel Solum var
sjeldan aa sjaa; Onkel Nils med; ikkje hadde dei stort
aa hjelpe med heller no i desse laake Tidine; berre
Borni var det ho hadde att, og so skulde ho av deim ög
berre hava Sutir og Sorgir. Nei, det maatte bli
annar-leis. Det skulde bli annarleis. Ho Mor skulde daa visst
faa Giede av Krulltoppen. Berre Glede skulde ho faa.
Aldri meir skulde ho turve grine og skjelle. Alt som var
keidt og leidt vilde Fanny gjera for henne utan knurr.
Alt som vart henne paalagt vilde ho gjera. Og so snart
ho vart rik, skulde ho Mor faa det godt for heile
Live-tidi. Ho skulde ikkje turva sy ein Styng meir. Eit
naudfint Husvære skulde ho faa; og god Mat; berre god Mat;
og fine Klæde og gild Husbunad. Daa vilde Gud like
Krulltoppen au. Han vilde tilgjeva henne at ho hadde
vori leid; og lata det gaa henne vel, og lata henne lenge
liva paa Jordi.

Ho var still og blid daa ho kom heim den Dagen, og
gjekk eit Ærend i Byen utan Murring. Um Kvelden, daa
dei hadde eti, kveikte ho Mor Lampa og sette seg aat
Syborde att. Fanny smaug burt til henne og kysste

141

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free