Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Guds Reinleiks Aand veik burt fraa. Slikt eit
Menneskje miste si Mannshøgd; vart som ein av dei
forgjorde i Evangelie. Den ureine Aand fekk Vald yvi ein
slik Arming; og den ureine Aand elte han yvi Lag. Han
fér um paa aude Stadir og var fredlaus; han var tyngd
som under ei Trolldomsmagt; han kunde ikkje rive seg
laus; knapt nok Gud kunde berge han. Um han freista
aa umvende seg, og um Gud hjelpte han og dreiv den
ureine Aand ut, han tok strakst til aa stunde etter
Trældomen sin att; og den ureine Aand kom tilbake og tok
paa nytt Velde yvi han, og hadde sjau andre vonde
Aan-dir med seg, som var endaa meir ureine enn ho sjølv;
og det siste vart verre med dette Menneskje enn det
fyrste. Pastor Holck heldt paa og heldt paa. Det eine
Bibelorde tyngre enn det andre kom; dei øgjelege Ordi
dømde og fordømde; det myrkna av Guds Vreide som
av uppdragande Skyir; Mæle som tala vart stilt som ei
Aanderøyst. Alt var stilt. Fanny høyrde for Øyro sine
susande Banking av sitt eigi Blod; Augo hadde ho bora
i Golve; det var ikkje Raad aa lyfte deim att; dei vart
haldne nede av ei Magt ho sjølv ikkje raadde; med eitt
kjendest det som ho var aaleine i Rome. Og dette
Aan-de-Mæle tala henne beint inn i Sjæli; for det visste alt.
Alt visste det. Det var Guds Auga som las i Hjarta
hennar no; aldri vilde ho vaage aa sjaa upp meir. Ja,
Vénir, sagde Presten, hugsa dette og gløym det ikkje:
Gud er ein øydande Eld mot alt som ureint er, og han
læt seg ikkje spotte. Lat oss hugse at Augo hans er
som Elds-Logar; dei som fer med Ureinskap skal aldri
sjaa Ljose i Rike hans. Lat oss beda til Herren um
Reinleik. Lat oss beda han um ein ung, rein Hug.
Kjenner du at den vonde Aand er nær, so bed til han; han
vil berga deg; han bergar deg; tvil aldri paa det; dyrt
er du kaupt til aa vera Tempel for hans Ande. Det er
143
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>