Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sant at den ureine Aand er sterk. Men ho er ikkje sterk
naar me ikkje gjev oss. Me kjenner fyriaat liksom
Veng-taki hennar; daa skal me samle oss i Bøn til Gud, og so
maa ho vike. Lat oss alltid hugse det. Lat oss elske
Reinleik og hata Ureinskap. Det er eit gamalt Ord som
segjer, at naar Menneskja paa den ytste Dagen gjeng
fram for Domen, so vil i den sæle Flokken dei glime
bjartast og kvitast som hev haldi all Ureinskap langt
ifraa seg; kjære unge Vénir, eg trur dette Orde er sant.
Eg bed deg Gud! — ropa han, og Mæle hans vart haast
som av ned-døyvd Graat; — eg bed deg ... lat meg faa
sjaa att alle desse unge, dyrtforløyste paa din Dag . . .
reine og kvite! Amen.
Dei unge Gjentune sat uppkava av Graat og bad med.
Aa heretter aldri, aldri meir, — aldri! aldri i Verdi.—
— Lea var ikkje fullfrisk um Dagen; ho drogst med
Hovudverk og Hugløyse. Thorseng, Mannen hennar, kom
upp til ho Mor og sagde at han trudde det kunde vera
til Lette for henne, um ho fekk Fanny til seg; — ho
er so aaleine, Stakkar, sagde Thorseng. Vil Lea ha Fanny
til seg? spurde ho Mor noko stutt. Eg . . . hev tenkt
det, sagde Thorseng; med sine firti Aar og den vesle
gode Klokkarmagen sin var han mest forøvin; du veit,
Lea er . . . eit Grand rar i visse Maatar; det er det at
ho er so ung, ser du; men no vilde eg gjerne freiste med
dette, soframt ikkje du hev noko imot det daa. Tak
Fanny i Guds Namn, sagde ho Mor; berre ikkje Lea
viser henne heim att! Aa nei, sagde Thorseng, eg tenkjer
ho blir glad for dette eg; ho hev vori so reint for mykje
aaleine. — Ja ho er rar Lea; men det kann vel ikkje
duge ufreista.
— Det var Meiningi at Fanny skulde koma
uventande for Lea; og det saag ut til at ho gjorde det au. Hev
du—; skal me taka Fanny i Huse? spurde ho. Eg vo-
144
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>