Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
den lange Nasen sin upp-i alle Koppar og Kjerald. Ved
Borde var han ufjelg; ish! aa sjaa han sitja og smatte
og smaske yvi eit godt Matfat, uff! Og so naar han rødde
um Mat; alltid rødde han um Mat; der og der var det
god Mat; der og der var det ikkje god Mat; den og den
Matretten var god; den og den Retten lite god; paa
Viktoria aat ein best; mnam, mnam, ein Ragout paa
Viktoria, mnam mnam . . . Tennane hans vasshagla; han
sat mest og sikla; ish! uh!
Han var stygg. Lang og mager som ein Dauding, og
fleinskallut og blank; det var rart at han berre skulde
vera eit Aar eldre enn Thorseng. Og so hadde han ein
Smil som minte um Matfeitt — uh! Mot Lea var han
leid; det var som ho berre skulde vera ei Tenestgjente.
Du — Lea, sagde han, du — Lea; ver so snild og gjev
meg lite Supe til, du Lea; aa, høyr, du Lea, sjaa etter,
at Karo fær eit Par gode Bein; Hunden hans, han Karo,
var like eins matvand og ufysin. Lea maatte finne seg i
alt! Tollaren var kjend med Thorseng fraa Gutedagane.
Verst var det snartsagt aa finne seg i Godlaaten hans:
nei sjaa; Fru Lea er frisk som den nysprungne Lilja
paa Morgonkvisten! — Nei sjaa Fru Lea; den kjolen
der viser misann Smak! — Lea var tålmodig. Men ho
snudde seg gjerne burt naar han kom med slikt; og Fanny
kjende paa seg, at det glødde upp i henne ein Hug til aa
skjera Tennar.
Aldri hadde Fanny haldi ut her, hadde det ikkje vori
Kristian. Det var ein gild Kar. Han var alltid ikkje
Kunstnar; han var Medeigar i eit Spikarverk; men han
hadde vori utanlands i mange Aar og var ein framifraa
fin Herre. Han gjekk alltid med svarte Hanskar; og
Brøkane hans var av eit fint, striput Ty som det visst
ikkje fantes Maken til her i Lande. Han hadde spansk
Hamlit, ramnsvart Haar, svart Munnskjegg, djupe
148
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>