Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho fekk det so annvint ei Stund utetter med aaklæde
paa seg.
Det var so umaateleg, umaateleg gildt! Det dirra og
spratt i heile hennar Kropp; ho kunde mest ikkje staa
still; ho vilde berre hoppe, danse, læ—: tenk, idag var
ho vaksi; Dame!
Med dei gamle ufysne Filleplaggi la ho burt heile
Barndomen sin. Aa Gudskjelov; no var ho ferdug med den.
Farvel med Armodi; Farvel med Skulegnage; farvel
med all Møde og all Naud; no var ho ferdug med
Politistasjonen ög daa. Uff; ikkje tenkje paa alt det; farvel,
farvel; burt, burt; heretter skulde det bli anna Slag.
Aa, kor det var gildt; aa, kor det letta!
Under den hage Handi til Mor si kjende ho seg
um-skapt til Dame smaatt um Senn. Ho fekk Haare
upp-sett paa vaksin Vis; nei! som det gjorde Mün. Ho laut
læ, daa ho saag seg i Spegilen; tenk vaksi Haar. Og
Krullane var ikkje so ustyrne lenger; det vart nok
Lokkar av deim med Tidi, skulde me sjaa. Mykje myrkare
vart det au. Tilmed Føtane sine var ho fornøgd med;
dei nye Styvlane med høge Hælar midt under Foten
sette reint fin Skikk paa deim. So fekk ho utsauma kvit
Understakk; yvi den att Pipeskjørt med Slæp; og tenk,
Korsett; hi-hi! Korsett for fyrste Gongen i sitt Liv;
aa, kor det var rart; nei! kor ho vart Dame.
So kom Kjolen.
Ho Mor hadde vori glup. Det var ein serskilt ven
svart Kjole av heilt Ullan, med ei breid Silkesløyfe i
Sida og Dubbelfrynsur um Kuftelive; han sat retteleg
fint. Ho var mest kløkkt, Fanny. Raudnande steig ho
att og fram paa Golve framfyri Spegilen og tamde seg
upp til aa gaa med Slæp; kunde det vera Raad: var
det ho som var so fager? Dei kvite Kniplingsbandi um
Hendar og Hals gav henne eit Høgtidslag; ho minnte
152
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>