Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Haare. Og i Kveld skulde Grete hava Ball; Fanny
skulde lite seg med ein Middag ned-hjaa Lea ho . . .
ikkje tenkje paa det; ikkje tenkje paa det. Ikkje no.
Berre glad i Dag, berre glad i Dag; tenk! det var
Konfirmasjonsdagen. Tenk! no var han komin. Endeleg! sa
Jomfru Ped —. Det var Gud me skulde tenkje paa i
Dag; Gud og Jesus; det var ikkje sagt—; ja, og so den
Helligaand . . . det var ikkje sagt at Grete var venare
enn ho, for di um ho hadde finare Klæde; det vai
ikkje det som gjorde alt; langtifraa, det var ikkje
det____
— I Vestre Akers Kyrkjetaarn tok det til aa ringje.
XIII.
Naa; Frøkni skal ha Konfirmasjonsstasen paa seg idag
ög kanskje? sagde ho Mor; ho var i sitt Morgons-Lag.
Fanny glodde forfærd paa Mor si. Ho skulde
kannhende tak apaa seg Barnekjolen att?
Jøss daa, nei daa, grylte ho Mor; no hev du denne
eine Kjolen som er skipeleg; og so skal vel den au bli
sjaska ut, so det kann bli likt seg alt. Skal du ikkje ha
Slæpe ög? So Magistraten kunde faa sope Gatune med
same? Hm?
Det vart Uppstyr. Ho mor var ulidande. Fanny vart
sinna; Mor skjelte, Fanny gav Svar. Sistpaa stod ho
midt paa Golve og ylte som ei Smaagjente. Ho var so
uppøst at ho kunde ha gjevi Mor si ein paa Øyra. «Hu
— uff! alltid skal du være vrang, alltid skal du være
vrang! hu-hu-hu — uh!»
Men ho Mor vilde ikkje vita av Vas no. Sjølvsagt gjer
Frøkni som ho vil, harska ho seg; men ikkje den Kjolen
til Kvardagsbruk, so lengi eg hev noko aa segja! Du fær
hugse at den kann drygje ei Stund, fyrr du fær ny Kjole
154
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>