Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
no att. Du liter paa Mor di du; du er vann med aa faa
av henne; so snart du kann faa flögi ein kjole av deg,
so er det berre aa gaa til ho Mor, so fær du ein ny. Eg
skal segja Frøkni, at det vert ikkje so heretter! No er
du vaksi; no fær du freista aa skaffe sjølv. So fær du
kjenne kor godt det er, daa. Eg tenkjer du blir lite meir
var um deg, eg, naar du fær kjenne kva det er aa skaffe
nytt jamt. Stutt og beint: ikkje noko Tøv! Me hev
ikkje raad til aa kaste ein Kjole fyrr han er utslitin. Ein
fær laga Skoen etter Foten og ikkje vera vigtig lenger
enn Pungen rekk. Soh! Høyrer du?
Fanny slengde Konfirmasjonskjolen beint i Andlite paa
Mor si. Traudt og traatt, med Motstræv i alle Rørslur,
tok ho so til aa finne fram att dei gamle Fillune som
ho hadde vori so sæl for at ho fekk leggje burt.
Var dette aa vera konfirmera; var dette den Høgtidi
ho hadde traatt etter i alle sine Dagar? — I s h ! ! — Ho
sleit paa seg dei ufjelge Fillune og skar Tennar. Det var
ikkje til aa utherde. Det var ei Avvyrding; ho kjende
seg skjemd, hædd, nedsett; Andlite hennar vrengde seg
i hugsprengd Graat; ho fræste som ein Katt av Sinne.
Jau no saag ho fin ut! No var ho vel slik som Mor
vilde hava henne! Aldri fyrr hadde ho visst kor fæl
denne gamle Kjolefilla var. Posut og skaplaus, stutt, so
det var mest usamelegt. . . uff; og ho med sine lange,
smale Leggir; og so desse Føtane. .. ein sid Kjole var
det einaste som kunde berge henne; hu, hu, hu—uh! —
og so denne avstygge, tufselege Kjolekufta, flekkut og
sliti, med Vilje sydd stor og stygg... Med den ikring
sin slengvaksne, uferduge Skapnad, som trong so vel um
Studning og Living, saag ho ut som ei rein Aabine.
Ho Mor kom med Korgi. Ikkje noko Vas; Fanny
skulde versgod ut og kaupe Mat til Middags. Daa stupa
Fanny seg ned i Sofaen og gav seg yvi. Nei! Eg gjeng
155
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>