Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje! skreik ho; vil du ha meg ut no, fær du bera meg!
Ho klora seg fast til Sofa-Armen; det var so det spente
av Trass gjenom heile hennar Kropp.
So miste ho Mor Tölmode. Ho vart avsinna og slepte
Harmen sin laus. Ho brüka ein Munn, so det for Fanny
med ein Gong høyrdest simpelt. Tilsist kom det eit
Ord, eit ulidande Ord . . . Fanny spratt upp som ho var
kvefsetungi. Med eit Par rasande Rykk reiv ho
Barnekjolen av seg; eit Par Minuttar etter stod ho framfor
Mor si i Konfirmasjonskjole og Konfirmasjonshatt og
stirde henne uppøst beint inn i Augo. Farvel so lengi,
sagde ho; eg skal ut og søkje Post! Det skal vel bli
Raad med aa bli meg kvitt, tenkjer eg. I Døri snudde
ho seg halvt: eg kjem ikkje heim til Middag. Eg ét
hjaa Thorseng. Farvel! —
— Mor og Dotter møttest att hjaa Thorseng ved
Middagsleite. Ho Mor gjorde blidt Andlit; naa, du hev vel
alt fengi Post, du? eggja ho. Aldri bry deg, Mor, svara
Fanny. Eg gjeng til dess eg fær Post, um eg so skal gaa
til Skorne dett av meg.
Lea lagde seg imillom. Det var vitugt av Fanny, at
ho vilde ut. Det sagde seg sjølv at ho kunde faa vera
her ög, um ho vilde; men Lea hadde ikkje serskilt noko
Bruk for ho no nettupp; og det var vel Meiningi at ho
vilde freiste aa fortene noko for seg sjølv. Ja, tene noko
for meg sjølv, nikka Fanny. Og det var svært vitugt.
Thorseng totte au det var vitugt. Han vilde sjølv høyre
etter um Plass til henne; og det maatte vel laga seg,
meinte han. Ja so dugeleg som Fanny er, spotta ho Mor.
Ja naar Mori er flink, plar Døtrene ög vera flinke, meinte
Thorseng truskyldigt.
Fanny fekk ikkje nokon Plass den dagen. Ikkje næste
Dagen heller. Men ho heldt ved. Kvar Morgon i
Graa-lysningi stod ho saman med Tenestgjentur, Gardsgutar,
156
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>