- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Studentar og altslag ved Uppslagstavla til
«Intelligents-sedlerne» og «Morgenposten» og las og skreiv upp; so
flaug ho Byen rundt, fraa Oslo til Homansbyen, fraa
Sankt-Hanshaugen til Bryggjune; att og fram; Troppir
upp og Troppir ned; vart mynstra med mistrugne Augo
og utspurd med mistrugne Mæle, og burtvist med
likesæle ynksame Smil; trur ikkje det er noko for Dykk
dette, Jomfru . . . Kom endeleg heim ut mot Kvelden,
daudtrøytt, ihelsvolti, med Graaten i Halsen; fekk
Spitord av ho Mor, so ho ikkje kunde eta; gøymde seg i
Sofaen og grét og bad; aa, i Morgo, i Morgo; aa Herre
Gud for Jesu Skyld, i Morgo . . .

Paa Ferdine sine raaka ho Grete og andre Véner fraa
seinare Tid; Gud, som dei var gilde og vaksne. Aa, for
Haarsetningar. Ho med si Haarsetning maatte ha set
ynkeleg ut paa Konfirmasjonsdagen. Og so Kjolane
deira, og Stasen; dei hadde fengi so mykje Gullstas til
Konfirmasjonen, dei: Klokkur, Naalir, Ringar, alt, som
var flust og gildt. Naar Fanny skulde rekne upp det
ho hadde fengi, vart det reint armodslegt. Enn
Gull-sakine daa? vart det spurt. Ho stota: eg . . . eg fekk
ikkje anna enn —; Thorseng hadde meint at det var
best eg fekk det i Pengar; og so fekk eg ei
Sparebankbok. — Aa ja. Kor mykje var det i den? — eg . . .
neimenn um eg rett hugsar det. Eg fekk ikkje Boki sjølv;
Thorseng hev ho i Forvaring; eg berre høyrde dei
rødde um det... — Med Grete gjorde ho eit leidt
Mistak. Ho kjende paa Tye i Kjolen hennar og sagde:
tenk hadde du ög Ullkjole? Grete spilte Augo upp:
trur du eg gjeng i Konfirmasjonskjolen min her paa
Gata, du daa? — Nei, nei; du kann daa vita det var
berre noko Snakk; eg stod i andre Tankar ... — Fanny
rømde, brennande skjemd. Same Dagen fekk ho høyre,
at Kapellan Holck i Vestre Aker hadde trulova seg. —

157

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free