- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
162

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein smile til deim og tala hyggjelegt og fint. «Kanske
Fruen vil være saa snill aa se paa dette her; det er
noksaa billigt?» «En Præsang til en Herre; hvad mener
Frøkenen om noe saant som et fin-fint
Sigar-Munn-stykke?» Uff. Den som hadde dei Dalane, slik ei Dame
brüka berre til Jolemoro; eller den som aatte i Pengar
det ho har paa seg av Ty! — Men me fekk sjaa. Ein
Gong kunde det bli dei, som saag med Ovund paa
hennar Bunad . . . Orsaka, Frøken, Klokkekjedur? Strakst
strakst ... — Versgod, Frøken, kom ei av dei eldre
stikkande; her hev me eit pent utval av Klokkekjedur;
— De maa orsaka; ho der er litt ny; — kanskje noko
av det Slage vil høve?–Jaale! —

— Aa gjev det kunde bli til noko med ho Mor og
Tollaren; det saag misann ut til noko av kvart. Kvar
Sundag sat dei tvo gamle saman yvi Kaffikoppen og
prata so hyggjeleg at det var ein Hugnad; og ho Mor
gjekk heile Vika sidan og lét vel um Tollaren. Det
kunde vera eit Gifte det! sagde ho; lognt og trygt sit
han i det, med fast Løn og alt; vert han gamall, so fær
han Pensjon; og døyr han, so fær Enkja av Enkjekassa.
Heimkjær og hyggjeleg er han, og nett i den Alderen
daa dei plar bli gode Egtemennar. Slaa til, Mor! meinte
Fanny. — Eg? du skjemtar, du ... Nei; men var eg ung
so! — Pytt; kva gjer det, naar han tykkjer du er ung
nok? Eg tykkjer de tvo maatte høve skilleg godt ihop,
eg! — Ho Mor vart heller aalvorsam. Du snakkar som
eit Barn, Fanny, sagde ho; no fær du snart hugse paa
at du er vaksi; det duger ikkje aa taka Verdi berre med
Skjemt!

I Joli heldt Tollaren Lag for ho Mor; Fanny var ög
med, som sjølvsagt maatte vera. Og god Vert var
Tollaren; det fekk ein vedgaa. Dei aat Gaasesteik og drakk
Vin; etterpaa kosta han Køyretur til Tyskestrandi; um

162

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free