- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kvelden fekk dei gaa i Teatre. Gaasesteik, Køyre tur,
Teater; det var plent dei tri gildaste Ting paa denne
Jord. Hadde berre ikkje Tollaren vori med, so hadde
Fanny vori fullglad. Men heile Tidi var Tollaren der.
Heile Tidi gjekk han og bukka med den blanke Skallen
sin og smilte med sin matfeite Smil; og di meir han gjorde
seg til, di uliklegare vart han.

Men ho Mor var umaateleg gild av han, daa dei kom
heim. So hyggjeleg, so flus; slik ein Kavaller; og tenk
for eit Gifte! Ja der kann du koma godt i Veg, Mor,
meinte Fanny. Ho Mor saag paa henne. Hadde eg din
Alder, sagde ho, so skulde eg nok ikkje vera i Tvil! —
Pytt, Alder ... Var eg som du, skulde eg ikkje bry meg
det Grand um det. Elles, lagde ho til med ein litin laatt,
— elles ser han no ut som Dauden i Lybekk! — Fy, du
skulde skjemmast, Fanny, skjelte ho Mor.

Næste kvelden kom Fanny heim fraa Krambui
daud-svolti og ovtrøytt; det var ikkje til aa herde, sagde ho;
Gudskjelov at det snart var Nyaar. Det verste er, sagde
ho Mor, at eg ikkje hev noko skikkeleg Mat aat deg
heller; du skulde ha Gaasesteik og Vin du, naar du
hadde træla so; men naar ein er fatig, ser du .. .
Stakkars Krulltoppen min, du hev nok löti gaa svolti aat
Sengi so mangein Gong. Det syner paa deg ög. Fekk
du det skikkeleg og godt, so vart du reint fager du;
men no gjeng du her og skranglar og ser ut som eit
Fatigmannsbarn; blaa um Nebben er du; og Ringar hev
du um Augo; det er so det reint skjer i meg aa sjaa.
Ikkje er du skapt til aa staa attmed ein Disk og vera
Allemanns Tenar heller; og noko anna vert det kje for
deg, so lite som du hev lært. Men no, Barne mitt, no
kann du bli fri all denne Vesalldomen. — Eg? — ja;
du ja. Du kann faa det som ei Prinseesse, kann du, og
det kva Dag du vil. Og so hjelper du Mor di ut or

163

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free