Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
deg ikkje stort um Ryen kanskje; men eg skal segja
deg, at det gjeng best daa. Dei som er altfor slie etter
kvarandre fraa fyrstunde, deim gjeng det mest alltid
gali med; sjaa koss det gjekk meg... Skulde ein gaa
etter Kjærleiken, so maatte ein gifte seg paa Aaremaal
daa; Kjærleik er udrjug Vare. Det fekk eg finne, du . . .
og mange med meg hev fengi finne det. Tenk kor godt
det vilde vera aa bli skipeleg og skikkeleg forsyrgd no
med same. Du hev alt freista noko av kva Verdi gjev for
slik ei fatig ung Gjente; og eg hev meir enn ein Gong
tenkt paa kor det skulde gaa; du veit kor ofte det gjeng
gali med slike som ikkje hev noko Forsvar; du maa
sandeleg ikkje læ og taka det lett, Fanny; det er
aal-vorsamare enn du trur.
Men Fanny hadde vorti kvat. Det var nok
aalvor-samt au, men .. . Tollar Ryen og ho! Ha-ha-ha; kjære
deg Mor, kva skulde Tollaren med ei Kone som ikkje
kann koke so mykje som ein Rett Torsk! lo ho.
Sistpaa vakna Mori for Aalvor.
Ho vart raud heilt upp i Haarrøtane. Augo gneistra;
Mæle vart kvast og raat. Det ho fyrr hadde sagt kom
att, men styggare. Trudde Fanny at ho var ei Prinsesse
kanskje? Hugsa ho, at ho ikkje aatte dei Klædi ho
gjekk med? Kva Tid tenkte ho med sin Dugleik aa
koma so langt, at ho kunde halde Fillune og Lorten av
seg sjølv? Ho litte paa Mor si; ja det var greidt; ho
Mor skulde slite; ho Mor skulde sitja og sy seg Augo
ut or Hausen; ho Mor skulde lappe Sokkane hennar og
vaske Tye hennar; jaudaa; ho Mor var god nok; berre
liggje og slite paa henne so lengi ho hekk ihop; ja, me
visste det; ho Mor hadde aldri vori til anna enn til aa
slite paa, ho, og so meinte dei at det skulde so vera.
Frøkni vilde kanskje ikkje gifte seg, fyrr ho fekk ein
Prins? Ho trudde vel heile Verdi stod og venta paa
165
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>