- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart verre og verre; ho hadde Feber-Isingar og
Hovudverk; dei gnaala og skjelte, men ho brydde seg ikkje
meir um det. Ho vilde ikkje vera her kor som var. Ho
vilde gjeva etter. I Kveld, naar ho kom heim, vilde ho
beda Mor si skrive til Tollaren; det kunde ikkje bli verre
enn det var. Ish; han var nok ulidande. Men ho fekk
det vel alltid betre hjaa honom enn ho hadde det hjaa
ho Mor.

Daa ho kom heim um Kvelden hadde ho ikkje Mod
til aa segja det ho tenkte. Ikkje Magt heller. Ho sat
og seig ihop i Sofaen og fraus; ho var berre sjuk; alt
var henne like godt og like gali. Hadde ho Mor spurt
henne, so hadde ho visst sagt ja. Men Gudskjelov; ho
Mor spurde ikkje. Ho gjekk berre og var leid: Frøkni
fær orsaka; her er ikkje Steik og Vin; — du fær takke
deg sjølv for, at du berre fær Sirup paa Brøde. Ish;
den som kunde faa døy. So kunde dei faa trega det dei,
som no gjekk og pinte Live av henne. Men daa var det
for seint. Ja, gjev ho fekk døy. Aa Herre Jesus, kom
og tak meg ...

Nyaarsaftan kom ho heim med sine seks Dalar. Ho
sjangla burt til Borde med deim og lagde deim der.
«Versgod,» stunde ho. So sjangla ho burt i Sofaen.

I Kveld skulde det bli sagt. Det var det same no;
ho kunne gjerne unne Mor si den Gleda til Nyaar. For
no døydde ho kor som var. Det glødde og isa gjenom
heile Kroppen. Det svimra i Hovude; i dei siste Dagane
hadde ho havt Styng i Hjarta. Aa gjev ho fekk døy. I
Dag hadde ho mest ikkje kunna klara det; det var rart
at ho hadde fengi krabba seg heim. No fekk ho visst
sleppe burt fra denne Jammerdalen. Jesus . . .Jesus
skulde vera Brudgomen hennar. Aah, ho var so trøytt.
Englane skulde gaa i Festferd med lange Palmegreinir
... upp gjennom heile Vor Frelsers Kyrkje. Fagre Brur-

167

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free