Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
pikur. Huff, det var so kaldt; huff! kor ho fraus.
Kvifor hadde dei ikkje skikkelege Omnar i denne Krambui?
— Kva? Eta? Strakst, Mor ...
Det var Gaasesteik og Vin. Dauden i Lybekk stod
og skar fyri .. .ish .. .Du Lea; sjaa meg til Fru Lea;
den Kjolen der syner misann Smak .. .ish, nei; aldri i
Verdi ... Nei, nei, eg vil ikkje, Mor! eg vil ikkje; eg
vil ikkje ... — Kva er det, Barne mitt; er det smaatt
med deg? — Nei daa, Mor ... Seg meg kven er det, han
den andre —? — Kven andre? — Han den andre . . .
ved Borde .. .han med Haare ned-i Augo .. .—
XIV.
Daa Fanny um nokre Vikur kom seg att av
Lunge-sotti, var det som alt var gløymt.
Det vart ikkje gjeti eit Ord um Tollaren. Berre eit
Brev fraa han fekk ho; og der freista han sjølv aa jamne
det burt. Han vilde vone at han ikkje hadde vorti
mistydd. Venskapen hans var ærleg, det torde han
segja; og han vilde vori glad, um han hadde fengi Lov
til aa tryggje Framtidi for henne; men det var greidt: i
denne Saki var det ho sjølv som raadde; og han bøygde
seg for hennar Avgjerd, endaa naar det gjekk han imot.
Det var for honom ei Ulykke; den fekk han berre so
godt han kunde. Dersom ho fekk det godt i Verdi, so
vilde han ikkje ynskje meir. Han vona at alt kunde
vera som fyrr millom deim, men vilde likevel beda henne
minnast, at ho i honom hadde ein Vén som ho kunde lite
paa, korleis det so gjekk henne i Verdi.
Gudskjelov; so var den Sorgi sløkt. No galdt det
berre um aa faa ein Post att. Og ho Mor var rimeleg
og hjelpte henne aa søkje. Gjenom Kjentfolk fekk ho
spurt upp ein Post paa heile tvo Dalar Maanaden, som
168
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>