- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
170

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Med sitt gode Hold fekk ho ög att sitt gode Huglag;
dei siste Restane av Konfirmasjonsgudsfrykti hennar vart
burte som Eim. Ho gløymde endaa Kveldsbøni si. Ho
hadde ikkje det Grand Bruk for Vaarherre.

Ho vart vill. Ein ustyrleg Hug til aa leike og kjæte
seg kom yvi henne; Jomfru Vold fekk ho ög lokka med.
Mang ei natt naar Husfolke trudde dei sov, sat dei nedi
Bakar-Rome hjaa Sveinane og heldt Leven. Sveinane
var unge, lettvinne Gutar, mjølkvite og kvike, fulle av
Skjemt; dei sagde ikkje nei til Gjenteselskap; Nattlive
deira vart til Morgonsong naar Gjentune kom, sagde
Meistarsveinen; eitkvart godt til deim hadde dei
alltid; —

«Aurora aabnede sin purpurfarvet Dør;
skjøn Jomfru vil du ha ei Kake bakt i Smør!»

Det vart steikt Rumkakur og brent Mandlar; kanskje
vart det sett fram eit lite Glas Vin til deim au; kvar
Vinen kom ifraa, «kunde ikke revelere videre». «Se saa,
mine Damer, æd og drik og vær elskværdige!» — «Spis,
min Barn, spis min Barn,» hermde Fanny; «naar Mutter
siger spis, min Barn, kan du spise trigt, Jomfru Vold!»

— Ha-ha-ha! — «Ja, Mester er’nte dum!» ... «Naar Vand
er god, so er vand god, aber Vand er aldri god! sier
Mester.» — Ha-ha-ha! Hi-hi-hi! — «Immer gemiitlich!»

— «Ja naar Deigen gaar!» — «Ja ja;

uden 01 og Mai er Helten ingenting;

men Kaker og Vin skal en Pige ha og andre søte Ting.»

Det var klene Karar, som ikkje kunde bjode deim so
mykje som ein ærleg Svingum, totte Fanny; «uff, je er
saa dansegal i Bena at; — uff!» «Svingom! Her? Paa
Flekken! Ih, du kinesiske —! Kom, kom!» — Uh! —
Uff da! — Ja sjaa der hadde me Kvinna; der hadde me
Kvinna .. .Naar me ikkje hev Hug, so vil ho; men naar

170

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free