Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein Skilling att. Og endaa turfte ho altfor vel nye
Klæde. Det var greidt at ho laut taka Post paa nytt;
like eins var det greidt at ho laut tene meir enn fire og
tjuge Dalar; men kor skulde ho av? Fru Schulze baud
henne fem og tjuge; det var ikkje nok det heller. Og
so hadde ho ikkje Hug til aa vera her; Meistarsveinen
tok til aa gjeva henne so mange Gaavur, og det var
leidt aa segja nei til den snilde Guten; men det kunde
bli leidt aa taka imot ög. Gamle Schulze var ikkje heller
rett etter hennar Hug. Han var altfor blidvorin; kneip
henne i Kinni oftare enn naudsynt kunde vera, totte ho.
Men kor skulde ho av.
Ho var for ung og kunde for lite. Hadde ho endaa
havt Kjenningar. Men den einaste ho kunde bry var
Thorseng; og han kunde vel snart bli leid. Onkel Nils
gjekk det meir og meir ut med; han tok sjølv til aa
søkje Postar; han kunde daa visst ikkje hjelpe henne.
Og onkel Solum var mest aldri aa sjaa. Han reiste
stødt; ho Mor sagde det var ikkje meir enn so vidt han
greidde seg. Laane Pengar — uff; heller vera daud enn
hava Gjeld. Og kven skulde ho laane av, um so var?
Thorseng? — Lea vilde bli reint ifraa seg. Hjaa
Thorseng torde ho ikkje nemne sine Teatertankar heller; slikt
maatte dei ikkje vita um der.
— Den Vaaren hende det noko som lengi var venta:
Fanny vart Moster.
Det var ein Gut. Thorseng var sæl, mest bljug; ho
Mor au var gild, endaa ho ikkje lika aa vera Bestemor.
Daa Fanny i Braabile ikkje hadde noko anna Yrkje,
vart det avgjort at ho skulde vera Barnegjente. Til Like
for det skulde Thorseng so snart han kunde skaffe henne
ein Post. Det var greidt at Frøken Holmsen ikkje kunde
halde paa med aa gaa Bakarjomfru.
Vesleguten til Lea var nauende fin. Nei! slik ein søt
176
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>