Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rome og var Mor. Naar han vakna var han blid og i
Godlag. Datta liten Tukkeltoppen min, sagde Lea; kann
han som er so jakkel og fin verkeleg vera so leid um
Nætane ? Berre det ikkje er du som er leid med honom ?
ikkje passar han skikkeleg ? ... hugsar kanskje ikkje paa
aa gjeva han Flaska dessmeir? Kva? — Ja-ja; ver
ikkje for trygg; eg er ute og ser um dykk ein Gong
imillom; eg hev aldri set anna enn at de søv nokso trygt
daa!
Halvsovande og dauv gjekk Fanny um i Kjøkeimen og
den søtkvævne, innestengde Lufti i Barnestogo; ut kom
ho mest ikkje, so nær som naar ho gjekk Ærend i Byen.
Ho fekk aldri ein Skilling; Lea kunde ikkje forstaa kva
Fanny skulde med Pengar. Stakkars Thorseng, sytte ho,
naar Fanny einkvar Gongen slog frampaa um den skrale
Skobunaden sin; han hev so mange Utgiftir, so
egsky-nar ikkje at han kann staa i det; og so er han no komin
upp i eit Hus, som —; det er vel ikkje nok at han
grei-der Husleiga for ho Mor og deg; han skal vel dertil
halde dykk med Klæde?
Fanny vart sprutraud. Ho nemnde aldri frampaa um
Skobunaden sin meir.
— Ho var Syster i Huse og maatte daa vera med,
naar der var Framande; det var ikkje noko vidare Moro,
totte ho. Tollaren gjekk her like radt; i Fyrstningi
hadde han haldi seg noko mindre framme, men var no
reint som fyrr att. Han bar «Ulykka» si utruleg
lettvint. Nye Andlit var det sjeldan aa sjaa; likevel bad
dei stundom til seg ein Student Uchermann, Son til ein
Vén aat Far av Thorseng. Uchermann skulde vera noko
paa Avvegar, vart det sagt; han var komin i laakt Lag;
og det kunde gaa gali med han, so han vart
«Vinstre-mann»; men det var Bergingsvon endaa, trudde dei,
dersom han kom inn under god Paaverknad; og det var
180
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>