- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
186

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje i Dag tru? — Jau daa; ho gjekk. Uff; ikkje
tenkje paa Klokka. Tenkje paa andre Ting... Mor, Lea,
Teatre ... Kva tru me skulde hava til Middag idag;
undrast paa koss Veslegut hadde det; Barnegjenta saag
ut til noko av kvart... Nei sjaa; var det ikkje Student
Uchermann som gjekk der ute so kulsin i den lurvute
Frakken ... Men Nasen i Sky likevel; rar Fyr ... Uff;
ho som ikkje hadde hugsa kva Valkyrje var; fælt aa
vera so styveleg; det kom nok attum at ein hadde vori
lat paa Skulen ... Ha-ha; tenk; ei Valkyrie i ein
Garnhandel ; det høvde ikkje... Ho truga seg til aa tenkje;
truga seg til aa halde Augo fraa Klokka; rødde nokre
Ord med Dorthe, Moe, Ilsnæs; — no maatte det daa
vel i all Verdens Rike vera lidi av ein Time eller so.
— Aa jau daa. Det var gjengi sekstan Minuttar.

Langt um lengi kom det ein Bondemann. Han skulde
hava Lereft. Kor mykje? Det visste han ikkje. Det
spurdest um Prisen. Ja her var mange Prisar. Ja men
Bonden skulde hava noko billegt; men so skulde det
vera godt. Ja daa; her er noko som er billegt og godt.
Det bør De sjaa paa. Ein maatte drive Handelen livlegt
og kvikt, med ei tekkjeleg Mine av Godlag og Vilvilje;
og med synleg Samhug for Kjøparen og hans Turftir.
Vil De lyde mi Raad, so skal De taka dette; De fær
ikkje noko betre; ikkje til den Prisen daa; dei fleste
kauper av det; Husmødrar og slike som forstend seg
paa det plar alltid kaupe av det; helst naar dei vil hava
noko som skal vara ei Stund. Nei men De kann daa
ikkje segja, at det er dyrt. Me sel det mest for
Inn-kaupspris; me tenar sjølv aa kalle ingin Ting... I
Storgata? — Ja De kann faa billegare Sakir her med, men
dei er ikkje so gode... ikkje s o gode, skynar De. Men
De kann sjaa; det er gode Varur, det au; svært gode
... Sjaa her!... Og her! Det var aa leggje upp for

186

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free