- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
188

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lagsmannen, Moe, var yngre, men stillfarande og lite
for seg. Han var fraa Lande; Junior skulda han for aa
vera Vinstremann. «Han lez Gud døde mej Verdenz
Gang,» lespa Junior. Det skulde De ikkje banne paa,
sagde Moe; han vilde ikkje vera ved det. Eg banna berre
ved Gud, vitsa Junior, og daa lyg eg; men naar eg
segjer paa mi Ære, so kann De ved Gud tru meg! —
Fanny totte ho hadde høyrt det Ordtake fyrr.

Ho kunde ikkje like den Junior, endaa han var Son
aat Husbond. Fælt fin var han nok, men kasin og
uti-dug. Han gjekk her og skulde setja seg inn i
Handelen; men for det meste laag han og hekk yvi Disken og
var sjukleg. Eg er øydelagd, sagde han; det skulde nok
vera gildt, det. So ofte det var Tilhøve til aa faa sagt
noko uliklegt gjorde han det; han trudde visst me lika
slikt noko; sjølvsagt skulde me gjelde for simple
Gjentur, naar me ikkje hadde Raad til aa sitja heime
paa Stas. Naar ein er sett under andre i denne Verdi,
sagde Dorthe spakt, so er der mykje slikt, det er ei
Freisting; ei Lutring som i ein Eld; det spyrst um me
hev Tolmod.

Fanny tala ikkje til han. Ho hadde ein Dag vori inne
paa Upplage og skulde greide nokre Sysakir; han var
komin etter og hadde sett seg til aa sjaa paa henne.
Daa ho skulde gaa inn i Bui att lespa Junior: «kom og
sitt paa Fange mitt, Frøken!» — Fanny gjekk byrg
framum han og letst som ho inkje hadde høyrt; sidan
var det Uvénskap millom henne og Junior. —

— Houens Garn og Lereftshandel laag paa eit Hyrna
der Akersgata og dei tvo Grensegatune møtest. Det var
Smaafolk som handla der, og Bøndar fraa Vestsida. Paa
Gata var det mykje Ferdsle jamvel no i Vintersøyla;
det kunde ein sjaa gjenom Glasruta i Krambudøri. Aa, so
godt som dei hadde det, dei der ute som var frie. Tenk;

188

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free