Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sjeldsynte Folk ute og ferdast? So skulde ho gjera
Solum kjend for Jomfru Thorsen —: Agent Solum, ein
av Holmsens gamle Vénir.. — Nei men Pigejor, er det
ikkje Solum! Ja eg kjenner vel Dykk eg; eg hev nok
varta upp Dykk meir enn ein Gong; men kva var det
eg skulde sagt... De var daa ikkje Vénir med han
Skarven, De daa, Solum ? — Aa, eg kjende han ... Naa;
kor liver dei paa Kristiansborg daa, Jomfru Thorsen?
Fanny stirde paa Mor og Solum som um ho saag
Daudingar. Var han ikkje ein gamall Vén av Far?
Kvifor hadde ho Mor innbilt henne —? I Guds Namn; der
skulde vel ikke vera noko gali?
Ho snikte seg ut. Som Hagl mot ei Glasrute slog
Minningar mot Hugen hennar —: alle dei Gongine
Solum hadde vori her; Gleda paa Mor naar han kom;
Ferdi til Kongsberg; alle dei underlege Samrødune ho
so ofte hadde vorti send burt fraa; dette at ho Mor
alltid vilde bu so fritt; alle Gaavune; all den Hjelpi...
og so var han ikkje nokon gamall Vén av han Far?
Kva i Jesu Namn —; skulde slikt noko kunna hende og
gaa for seg?
Ei kald Skamkjensle breidde seg seint gjenom kvar
Léd og Lém paa henne; Munnen vart turr; Andlite
hennar rengde seg. Ein Krampeknute sette seg for Bringa;
det var Graaten; men ho kunde ikkje faa han upp.
Nei det var ikkje Raad. Det kunde ikkje vera Raad;
aldri i Verdi, aldri i Æva. Ho Mor hadde det so; ho
var noko fri paa det; ho var ikkje fullfin; dette med
Lundstrøm t. D.... eller det med Haltemikkel... nei,
nei; fin var ho ikkje; tenk, vera Vénir med slik-ei som
Gamle-Kari... Difor kunde det og vera sumt som tok
seg rart ut; det kunde taka seg fælt rart ut; men det
var berre det at ho var noko fri paa det soleis; ho var
ikkje simpel; nei, ho var ikkje simpel...
194
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>