- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
196

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han forsikra henne, med ei Kraft so ho maatte tru
han, at Jesus i Kveld venta paa henne. Han hadde fylgt
henne lengi; ofte nok hadde ho kjent Kalle hans;
stundom hadde ho vel freista aa fylgje det og; men i
kveld venta han paa henne. Verdig? Ikkje verdig?
Jesus vilde ikkje hava nokon som var verdig. Dei som
var verdige kunde gaa til Farisæingane og dei
Skrift-kloke. Jesus vilde hava dei uverdige, han. Dei fortapte
vilde han hava; dei øydelagde, dei forkomne, Utskote,
dei som der ingi Raad lenger var med. Hev du ikkje
nokon Stad aa gaa av? Er det ingin som hev Bruk for
deg, ingin som vil vita av deg? Er du pint, skræmd,
tyngd; er du talma av Synd og Skam, so du ikkje kann
sjaa Folk i Augo; er det noko ved deg, noko gali, noko
leidt, noko som du ikkje kann tilstaa for din beste Vén
... kom, Menneskje! det er deg, han vil hava! det er deg,
han ventar paa! Er du ikkje buin? Hev du ikkje Anger
og Trege; er du ikkje botferdug; er du ikkje som ein
bør vera naar ein skal hugvende seg; elskar du Verdi
og dei Ting som er i Verdi; elskar du Syndi, so du ikkje
kann rive deg laus; hev du Uhug til Gud og hans Ord;
vanvyrder du Herren og hans heilage... Det var daa
rettugt vel. Det er dei ubune, Jesus vil hava; dei bune,
lat deim gaa til Prestane! — Dei ubune vil Jesus hava,
so han sjølv kann bu deim. Det var deim han døydde
fyri! Kanskje du trur han lét Live for dei verdige og
fyribudde? dei som ingi Frelse treng? Kjære, ver no
ikkje faavis daa. Du kann ikkje hjelpe deg sjølv, veit
du; kvi maa daa ikkje han faa gjera det? Er du brydd?
Skjemmest du for aa beda um Hjelp hjaa ein som du hev
sviki? — Javisst hev du sviki han; dei hundra Gongir
hev du sviki han; du hev negta han som Petrus, selt
han som Judas; skal han ikkje faa Lov til aa frelse deg
for det? Vil du gaa i heile Live ditt med det paa Sam-

196

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free