Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
utan Andens Upplysning framifraa. Allvisst totte
Kvin-folki at dei fekk so mykje av han. Kvar Kveld naar han
hadde tala, flokka dei seg ikring Talarstolen i Hopetal
til aa handtakast med han.
Fanny kunde ikkje liva lenger utan i Samfund med
Gud og Guds Born. Ho bad, ikkje berre um Morgonen
naar ho stod upp og um Kvelden naar ho lagde seg,
men so ofte ho hadde Tid til det; og naar ho ikkje
hadde Tid, lengta ho seg mest sjuk etter dei kjære
Bøne-stundir. Var det stilt i Bui, so smaug ho inn i det inste
Upplagsrome, «Skrap-Lagere», og bad; bad so lengi ho
torde vera burte, svira i Bøn; bad for alt Folk, for
Houen sjølv, for Ilsnæs, for Moe, tilmed for Junior; ho
gløymde jamvel ikkje Sjauaren paa Storhandelsupplage;
men mest av alt bad ho for Mor si.
Mot henne kjende ho seg som ein Brotsmann reint.
Tenk, ho hadde ei Stund vaaga aa mistru si eigi Mor;
for ei Magt Satan maatte hava havt med henne. Ho
vilde daa no freiste aa frelse Mor si. For at ho Mor ikkje
var hugvend, det var nok dessverre altfor visst.
–Og um —?
Satans Magt var skræmeleg. Sjølve Kong David hadde
ein Gong vorti Undermann for den. Vaar eigi Dygd og
Ære var ikkje Takk verd; — um ho Mor skulde hava
noko aa trega paa? Det var ikkje so; ikkje um tie
Mann sagde det, vilde ho tru det; det var berre den
taapne Jomfru Thorsen som hadde gløymt, at Solum
var ein av Vénine hans Far; men um det no hadde vori
aldri so gali? Skulde ei Dotter døme si eigi Mor? —
Beda for henne skulde ho; beda og bønsøkje, halde paa
med Bønir og Paakallingar ... Til siste Slutten galdt det
ikkje um kva eit Menneskje hadde gjort og ikkje gjort;
det galdt um det kunde sleppe frelst gjenom Domen.
Heilt i Naadestande var Fanny likevel ikkje endaa;
198
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>