Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
verdslegt smaug inn i Hügen hjaa Fanny saman med
deim. Og so hende det noko som gav henne att mest
altfor mykje av Livsmode hennar.
Grete Magnesen tok til aa søkje henne; ho turvte eit
vitugt Menneskje til aa lesa upp Forteljingi si for, sagde
ho. So var det ein solvarm, straalande Julisundag; dei
gjekk til Ladegaardsøyi, vilde vera i Fred. Daa dei kom
der ut, fekk dei Hug til aa lauge seg. Dei fann ein
einsleg Krok paa Sudsida av Øyi, der Strandi var høg
og Skogen tett; der klædde dei av seg og gjekk i Sjøen.
Dei kunde ikkje symja, stod berre og plaska og vaska
seg; so vart dei kvate, skvette Vatn paa kvarandre og
lo. Snart var dei uppe att; og med’ dei klædde paa seg
lét dei Munnen leike. Dei var i Lag og Liine og rødde
um laust og fast; fortalde sistpaa sine Kjærleikssogur
fraa Barneaari. Dei var liksom ikkje so brydde no, daa
dei hadde set kvarandre nakne; og her i frie Skogen, i
Sümar og Sol, var det som dei kaldlege Løyndomane
deira ikkje var so store lenger. Dei skjemta um sine
tvo ædle Krambugutar; so tok den eine Sogo den andre;
sistpaa var det vandt nok aa vita, kven av deim hadde
vori mest gutekjær i si Barndoms Tid. Grete fortalde
um ei av sine Kjenningar som jamvel hadde vori trulova
i Skuledagane. Retteleg trulova. Ho hadde havt
Brevskriving med han og kysst han... jau eg forsikrar deg
til! — Kysst han og? — Ja daa! No var ho ei av dei
finaste Damune i Byen og vilde visst ikkje like aa høyre
meir um den Greida; men sant var det likevel. Hi-hi;
tenk, eg hadde ög slik ein Hug ein Gong til aa kysse ein
Gut, heldt Grete fram; ja eg var reint liti daa, skynar
du. Og ho lagde til: Gud, so mykje Tull slike
Smaa-gjentur kann finne paa; det er ingin av dei vaksne, som
trur det! — Fanny kasta seg um Halsen paa Grete; ho
var so glad at ho kunde ha stortuta.
200
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>