Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mingi, som sjølvsagt var; Gudskjelov, at Teatre var
uppgjevi. —
Daa Andersson i September kom til Kristiania att,
kunde det mest turvast. Det hjelpte au. Fanny vart
varm i Trui att; og ikkje nok med det; ho fekk jamvel
Naade til aa vitne. Det var i ei liti Heimesamling hjaa
Dorthe, at ho fyrste Gongen fekk Munnen upp. Alle dei
andre vitna; det vart leidt aa sitja der og tegja aaleine;
Fanny gav seg Gud i Vald og reiste seg. Og det gjekk
godt. Ho var snart inne i Tonen; og dei rette Ordlagi
kom av sjølveseg. Det var ljuft aa tilhöra Herren Jesus;
maatte me ikkje glömma at tacka honom for hans stora
Jcärlek, at han hadde reddat oss som en brand utur
elden ... Dorthe og dei andre takka henne hjarteleg for
Vitnemaale hennar; og næste Gongen vaaga ho seg upp
i den store Samlingi med.
Her gjekk det endaa betre. Det var liksom det spana
henne upp og kveikte henne, at det var so mange som
høyrde paa. Daa Møte slutta, vart ho ynskt til Lykke av
fleire av Vénine; Andersson sjølv tok henne i Handi.
Ho var uppe sidan fleire Gongir; og ho maatte tilstaa
for seg sjølv med Takk til Gud, at ho greidde det pent;
det var dei, som hadde mindre Naadegavur. Ho vart
aatgaadd ög; ein av Brørane vilde endeleg fylgje den
kjære Systeri heim; og Andersson sagde henne nokre
venlege Ord ein Kveld; det var ei reint framifraa Ære.
Han var her berre stutt denne Gongen. Aatte Dagar
etter han var reist, fekk Fanny Brev fraa han. Ho vart
mest altfor byrg; elles var det noko rart, dette Breve.
«Älskade Fanny» — naa, det var älskade i Herren; so
kom det mykje som var vent; men rett som det var
spurde han um dei ikkje skulde «skrifva du til
hvar-andra»; det var mest for mykje. «Skrifva du til
hvar-andra... att vi kunde korrespondera med hvarandra om
202
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>