- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
205

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det sagde seg sjølv, at ho maatte gjeva han upp
tilslutt; daa vilde ho trøyste seg som Svanhild:

«nu har jeg mistet dig for dette Liv;
men jeg har vundet dig for Evigheden.»

Versi var so vene at dei grøtte henne; og Klangen av
dei sigersterke Rimi song henne glad. Ho tok til aa
gjera Vers sjølv. Naar ho smette seg ut i Skrapbui no,
so var det ikkje til Bøn; ho vilde dikte. Ho kvad um
Kjærleiks Sorg og Sut, so Papire ho skreiv paa vart
taarevaatt. Ho song um den bleike Rosa som folna
eismail, av di ingin fann ho og feste ho ved sin Barm;
um den unge Riddarfrøkni som vart ute for Svik av
Sveinen sin og gjekk i Bylgja den blaa; um den litle
Smaafuglen, som sat aaleine paa Bjørkekvist yvi den
stille Bekken og døydde av kjærleiks Saknad.

Av Grete fekk ho laane Ibsens Dikt; deim lærde ho
utanbokes. Best lika ho desse Smaakvædi som ikkje var
anna enn eit Skimt, ein Klang, eit Bilæte; Gjenta i
Kunstsamlingi som sat heile sitt liv og kopiera Murillo
vart eit Mynster for henne:

«... Øiets svømmende
Langsyn siger,
hun bygger drømmende
Skjønhedsriger.»

Ho tok til aa forstaa at ho sjølv burde bli Maalar. Ho
vart ulykkeleg kor som var; og det kunde daa nettupp
høve for henne aa sitja i all si Tid med symjande Augo
og byggje drøymande Venleiks-Rike. Svanhild hadde ög
tenkt paa aa bli Maalar. Uff; tru det kunde koste svært
mykje aa lære aa maale litegrand? —

— Ut paa Vaarkanten var det eit Danselag hjaa
Mag-nesen; Fanny vart bedi og gjekk. Ho kunde ikkje anna.
Det var fyrste Gongen ho skulde faa vera med paa eit

205

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free