- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
219

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sidan dei ikkje maa vera i Lag med deim. Og
For-undringi avlar Forvitinskap. Det er likeeins med Gutane.
Og Skulen skal Skam ikkje hjelpe deim stort, for det
meste! — Kannhende. — Det fyrste som maa gjerast
er aa tyne heile Skuleverke, heldt han fram. Hev De
høyrt slikt Tull —: fyriskrive ved Lov, at alle skal
lære det og det, og like mykje av det og det, og plent
paa same Tidi og same Maaten ... det er som dei gamle
Underdoktarar, som gav den same Lækjedomen for alle
Sjukdomar og den same Mengdi for kvar sjuk ...
pro-batum est! sagde dei; jagu var det probat! — Men var
det fritt, so vilde mange inginting lære. — Dei som
inkje vil lære skal vente til Trongen kjem; daa skaffar
dei seg sjølve den Kunnskapen dei hev Bruk for. Det
einaste eg kann segja eg veit, hev eg lært meg sjølv
lengi etter eg vart fri Skulen. (Aa Gudskjelov; so
kunde ho ög, kannhende ...) Og ingin skal faast med
aa halde Skule utan den som hev Kall til det. Eg hev i
mine Dagar kjent ein einaste Lærar som var Lærar. —
Eg hev visst ög berre kjent ei, naar eg skal tenkje meg
um ... Fru Kahrs paa Kristiansborg; kanskje De
kjenner henne? — Var det ikkje ho, som vart sett paa Dør?
— Ho kom i Ugreide med Presten der uppe, trur eg. —
D’er greidt! sagde han med sin skeivaste Smil; finst
det noko i dette Lande som der er Vonir i, utan at Sogo
um det sluttar med dei stutte Ord: men so kom
Presten?! — Mæle hans kom burt langt upp-i Fistelen.

Han gløddest upp yvi det at ho stod i Krambu; den
største Voni me hadde no var, at Kvinna kunde taka til
aa bli sjølvstendig. Enn all den gilde Krafti som laag
unytta der. Gjæv, stor Kraft, som dei ikkje hadde visst
aa bruka til anna enn Matlaging og Hosebøting. Og so
til aa «gjera Live fagert» for oss Mannfolki, som jagu
kunde vers’god halde Live vaart fagert sjølve. Aldri

219

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free