Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kjedeli som Politik». Naar han hadde lesi trutt ein Dag,
so sagde han at han hadde lesi seg «saa mærra dum,
at han ved Gud kunde vera i Stand til at disputere om
Statsrøddernes Adgang til Storthingets Fojhandlingej!»
Det saag vonlaust ut. Kva Slag Ægteskap skulde det
bli, naar dei ikkje kunde hava sams Hugmaal; Helga
Thorsen vilde nok vita kva ho skulde kalle Samlive
deira daa. Ho plaaga han med Aalvorsspursmaal so han
vart reint uppraadd; tala um Folkeuppseding, um
Fridomens adlande Magt, um Byraakratie som laag yvi
Lande som ein Drake... Aa nei men Frøken daa, bad
han; seg, at De ikkje skynar det, Frøken! Ho vart heit,
arg; han skulde høyre; han skulde forstaa; han slog
ifraa seg: aa nei, aa nei, seg, at De ikke skynar det;
berre seg; at de ikke skynar det! Nei men no skal
eg fortelja Dykk noko som hende meg ned hjaa
Skræd-daren; eg skal segja Dykk: han veit ög um den fine
Gjenta eg hav funni meg fat paa... — Adjø! sagde
Fanny og gjekk; han vart attstandande midt i
Setningen sin reint klumsa.
Det drygde eit Bil fyrr han kom att; ho tok til aa bli
uroleg. Endeleg kom han til Synes ein Kveld; daa lét
ho dei store Spursmaali vera, og han fekk tøve som
han vilde best. Daa dei var komne til Porten, bad han
henne fylgje eit Stykke til; ho var daudende trøytt,
men gjekk med. Han rødde og rødde. Sistpaa fortalde
han ei Sogu som var noko drjug; ho gav han Sneidord
for dette; han sagde at ho var snerput; det totte ho
var vesalt av han; ho kom paa Graaten. Daa slog han
Armen um henne og vilde kysse henne. Ho reiv seg
laus og grét endaa meir; det hadde eg ikkje venta av
Dykk, Aas! — Paa attvegen gjekk dei og tagde. Ved
Porten spurde han henne svært aalvorsamt: skal det
vera so daa, Fanny, at me skal skiljast Uvénir? —
222
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>