Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
maale; høyrde politiske Foredrag og las «Verdens
Gang». Men mest vart ho uppglødd for Kvinnesaki;
det var og vart den største Tanken i det nittande
Aarhundred.
Underleg nok hadde Helga Thorsen gift seg. Markus
Olivarius og ho hadde komi til Lags. Dei andre fann
seg i det; Mark Oliv var eit Undantak millom Mennar;
og Helga Thorsen hadde beintfram ikkje havt nokon
annan Utveg. Det var noko alle visste, at ho ikkje
kunde faa Post; ho hadde god Eksamen fraa
Lærarskulen, men var Fritenkjar og Vinstremann; og det
hadde dei Greide paa i Skulekommisjonen. Men um
Helga var burte, so var Dagmar Dyring att; og den
heilage Elden var ikkje sløkt; Ungkarslagi heldt seg.
Dagmar var framifraa. Endaa ho var reint ung og
svært ven, hadde ho ikkje noko av det Jaalelage som
sermerkte unge Gjentur elles; ho var fullvaksi,
full-ferdug, trygg, heil. Ein kunde lite paa Dagmar Dyring;
naar ho sagde at ho ikkje vilde gifte seg, so meinte ho
det. Aldri i Verdi gav ho fraa seg noko av sitt
Sjølvstende; aldri bøygde ho Nakken sin under Tvingsla.
Mennane vilde at Kvinna skulde vera «kvinneleg».
Berre kvinneleg; det mennskjelege vilde dei Karane
hava for seg sjølve. Vaaga ei Kvinne seg til aa hava
ei Meining, so vart Mannen galant eller grov: Frøkni
hev alltid Rett! ... er det Rokkehovude som røder ? —
Paa slike Vilkaar lét det seg ikkje gjera aa gifte seg;
me hadde fengi nok av det kvinnelege, me Kvinnur.
Liksom det fanst noko serskilt kvinnelegt! Liksom
ikkje me var menneskje likso heilt og fullt som dei! Det
var eit klokt Slag, desse Mannfolki. Dei 61 oss upp til
Kokkegjentur eller Pyntedokkur, til Vas og til Javl, og
so sagde dei: slik er Kvinna! Og so skulde Kvinna
sjølvsagt halde seg innanfor si «naturlege Avgrensning»!
224
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>