Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei var urolege for Overtake sitt; det var Tingen.
Det var slett ikkje visst at me var styvnare enn dei,
naar me fekk den same Upplæring; det visste dei; difor
var det at me ikkje skulde hava Lov til aa tenkje paa
anna enn Barnealing og Kjøkenstell. Dei visste kva dei
vilde; som vel var tok me ög til aa vita kva me vilde;
me fekk andre Ting aa tenkje paa no enn Matlaging.
Ægteskape som det no var stelt var ei Awyrding for
Kvinna. Fraa den Stundi ho var vigd var ho ikkje eit
Menneskje for seg sjølv lenger; ho var eit Attpaasleng
til Mannen og fyrste Tenestgjenta hans ... um elles den
fyrste daa. Ho tapte tilmed Retten til aa hava Eigedom;
vart lovleg umyndig. Um ho fyri Vigsla aatte ein
Million, etter Vigsla kunde ho utan Løyve av Mannen ikkje
raade yvi ei Krone. Ho laut beda Mannen um kvar
Skilling ho skulde hava; var Pascha i Ulag, maatte ho
gjøle, bruka Knip, lirke seg fram med Lygn, eller
beintfram stela. Sjølve Namne sitt miste ho, raakande nok.
Ho var ikkje noko lenger, og turvte ikkje heite noko
heller daa. Ho var berre Fru den og den,
Blytekkjar-Ingeborg, Skulemeistar-Else, Fru «Pastor» Løchen, Fru
«Redaktør» Klem. Namnlaus og rettlaus vart ho smett
inn i den «kvinnelege» Baasen sin, der ho kovna i
Mat-sutir og Klædebøting; han hadde Verdi for seg; ho
skulde passe Gryta. Og so gjekk dei og gjølte for oss
etterpaa alt; gav oss Englenamn og likna oss med
Blomar; vart dei fulle, heldt dei Talur for oss: naar me
er saman soleis i eit festlegt Lag, bør Kvinna ikkje bli
gløymd ho heller... svært naadigt! ... for kva var me
vel utan Kvinna? — kva var «me» ja; det var det som
var Spursmaale.
«Ei trygg Framtid» var det me skulde faa att, naar
me soleis hadde ofra heile vaart sjølvstendige Tilvære.
Dei sagde det. Med eit Livebrød skulde Likam og Sjæl
15 — Garborg II.
225
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>