Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til ei Kvinne vera betalt; den Raaskapen sputta dei oss
beint uppi Andlite. Ja so fekk me vel den «trygge
Framtidi» daa? — Aa jau. Ein god Dag spéla Mannen
upp. Eller han vart sjuk; eller um han døydde... so
sat Kona der med dei hjelpelause Borni. Armodi kom;
Naudi og Vesaldomen melde seg; kvar helst var daa
Trygdi? — Ho fekk lite paa Vaarherre, sagde Presten;
ho fekk gaa til Fatigkassa, sagde Juristen; det var
Trygdi; soleis var Lovi; dei hadde gjevi ho sjølve.
Det var paa eit Raam kva Slags Mennar me skulde
faa; sjølve maatte me ikkje frie, maatru; Mennane
vilde ikkje bli brydde. Me skulde vera kvinnelege, me;
bljuge; me skulde vera Liljekonvallar, hange med
Ho-vude og ange, lokke Mannen til oss ved Angen vaar...
ish; det var so ufysi at ein kunde spy; uff! —
Kannhende var det ein skikkeleg Fyr som kom; det kunde
alltid raake. Men kanskje var det noko reint Herk; ei
Ukjure som hadde øydt burt alle gode Haattar i eit
raatt, ulikelegt Ungkarsliv. Kva daa? Me skulde taka
han likevel, me, berre han hadde denne velsigna
Live-maaten aa bjode oss. Um me kanskje berre stygdest
fraa han? Sliks Slag; ei Gjente maatte bli forsyrgd;
det var ikkje sagt at ho fekk eit so godt Tilbod ein
annan Gong...
Det var ufysi alt. Maaten deira aa døme oss paa,
verdsetja oss paa —; me kunde berre lesa Bøkane deira
og sjaa; kva var det dei tala um? — Kinne med si
Avrunding; Augo; Munnen; korleis Brjoste var skapt;
um Armane var faste og runde; um me gjekk vent; plent
som naar ein Hestehandlar dømde ein Hest. Og so maatte
me vera kvinnelege, maa tru, paa Lag som Hesten
maatte vera hesteleg. Aa, det var ein Raaskap yvi alt
Maal og all Maate; det var so ein kunde spy upp si
udøyelege Sjæl, hive upp heile seg, like til Skosolane.
226
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>