- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
227

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Raaskap, Raaskap var Mannens Haatt; Raaskap og
Sjølvsjuke. Livsens høgste Heilagdom vyrde dei ned til
det simplaste av alt; Medmenneskje brüka dei til
Njoting og Tidtrøyte; naar dei vart leide av den eine
Frilla gjekk dei til den andre; forstod ikkje kva
Ægte-skape var og maatte vera for ei Kvinne, og brydde seg
ikkje um det heller. Dei kaupte og trudde at me selde;
betala med Forsyrgjingi si og var ferduge med det;
betala meir enn dei var nøydde til kannhende; heldt
tvo Gjentur aat oss og klædde oss i Silke; mein
Lieb-chen, wass willst du mehr; det maatte vera Troll til
Kvinnfolk som ikkje daa kjende seg skadelaus!

Nei; Kvinna fekk lata vera aa gifte seg — til vanlegt.
Arbeide vaart maatte gaa ut paa aa gjeva Kvinna
Tilføre til aa greide seg sjølv so mykje som mogeleg, so
ho kunde vera Naaden til dei Herrane forutan; som det
no var stelt var det ikkje til aa halde ut. Det var ikkje
mange Postar ei Kvinne kunde faa; og dei var so laakt
lønde at ho ikkje kunde liva av deim. Mennane hadde
stelt det, og daa kunde ein vita korleis det vart; dei
skulde hava Konur, dei, og daa maatte Kvinnfolki aldri
faa det likare enn at dei med Takk tok imot det fyrste
det beste Mannfolke som baud seg med Forsyrgjingi si.
Og so lengi Mannfolki raadde, vart det ikkje annarleis
heller. Nei; no fekk Kvinna taka Saki i si eigi Hand. —

Bibelen deira var «Kvinnetvingsla» av J. St. Mill; og
det siste og høgste i Kunsten var Ibsens «Dukkehjem».
Helmer var Mannen, Mannen som han var naar han var
best; Nora var Kvinna som ho var i Røyndi: den
lempeleg og løynskeleg nedkjøvde, som hadde Lyte, men ikkje
andre enn dei Mannen var Skuld i, og som kunde synde,
men ikkje utan av Kjærleik.

Skulde det vera Raad aa gifte seg, maatte Ægteskape
bli eit fritt Samband av tvo frie, sjølvstendige Men-

227

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free