- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
228

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

neskje som heldt av kvarandre, og forstod kvarandre,
og vilde liva for aa hjelpe kvarandre fram til
Full-vokstr. Slike Mynster-Ægteskap kunde vel knapt bli
gjenomførde no; Mennane var for raae, og Fordomane
for sterke. Men i Framtidi vilde Ægteskape bli fritt; det
sagde seg sjølv. Skulde kanskje Nora vera skyldig til
aa liva saman med Helmer, naar ho saag, at ho dermed
vart aandelig øydelagd? — Fanny totte dei vaaga seg
vidt her. Men det var klaart at dei hadde Rett; og so
var det daa berre Tale um Framtidi.

Dei røykte Sigarettar og øvde seg i aa drikke Toddy
og tala karslegt; sume av deim, Fanny og andre, tok
til aa gaa med stuttklipt Haar. Dessverre hadde dei
ikkje Mod til aa gaa med Karmannsklæde. Men dei
bruka daa Karmannshattar, som dei sette Kvendesvip
paa med ei Fjør eller eit Band; og dei stod imot den
nye Moten med Pannehaar so lengi som dei kunde.
Tournuren, «Baksekken», forsaka dei; han var laatteleg
og usameleg; skulde ein endeleg hava han, so maatte
han ikkje vera større enn ein knytt Neve. —

— Det vart Uchermann, Fanny heldt Lag med no,
paa Mannfolksida; det var ein som der ikkje var Spjaak
med. Friarvas var noko han aldri kom paa; hjaa honom
var ho fulltrygg; han var heilt ut Likemann mot henne
og Kammerat. Han gjorde henne kjend med alle
Dags-spursmaal, og gav seg ikkje fyrr han var stød paa at
ho forstod han. No fyrst tok ho til aa lære og skyna.
Gud, kor han hadde vavra og vasa for henne, denne
Medisinaren; aa, kor sæl ho var som hadde vori honom
kvitt.

Endeleg var ho komi millom fint Folk; det var
forunderleg fagert og fritt og trygt. Dei gjekk ikkje her
og var Herre og Dame, Bele og Beledros, Hugsnikje og
Smeik jar; dei var Vénir endefram, Menneskje som livde

228

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free