- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

naar Høgrekaksane fraa dei feite Bygdelag breidde seg
der og skamskjellte Johan Sverdrup, ynskte han til
Helvite, bad Fanden taka’n. Junior, som vel hadde
høyrt eitt og anna um Fanny fraa Arbeidarsamfunde,
elte henne med Spursmaal og Spott: ho skulde ha sagt,
at ho heller vilde vera Frille til Sverdrup enn Dronning
til Oskar den andre; var det sant, det? Og naar
Kongen var drepin og Republiken innførd, so skulde vel
Frøken Holmsen

«staa som en Napolibom
paa Landsens Kapitolibom
og laga taa Petrolibom
en Toddy til os hver?» —

Fanny vart so harm at ho fekk Graat-Ridir; ho beit
Munnen sin til Blods og totte ho maatte faa Krampe;
uff! uff!! Gjev me maatte faa Revolusjon! so Lufti
ein Gong kunde bli reinska for all denne Raaskapen!

Men den fredsame Ilsnæs, Fyrstemannen i Krambui,
fylgde Fanny paa Heimvegen ein kveld og tala Aalvor
med henne. Han vilde beda henne agte seg litegrand.
Gamle Houen hadde spurt at ho gjekk i
Arbeidarsamfunde ; og han lika ikkje, at Folki hans for med Politik.
Sjølv var han god Høgremann, visste me, og... ja, De
forstend ... Houen var ein rimeleg Mann; men dei som
handla der... ja, ho vilde vel knapt tru det; men
Arbeidarsamfunde var ein Aalmannstad; det hadde
spurst, at ei Krambugjente til Houen hadde Lag med
dei radikale Damune der nede; og fleire av
Handels-kjenningane til Houen, gamle Kjenningar som han
korkje kunde eller vilde støyte fraa seg, dei hadde laati
paa at dei ikkje trotta sovori; lét han Folk av det
Slage bli standande i Bui si, so vilde ikkje dei hava
meir med han. De skal ikkje læ, Frøken, heldt Ilsnæs
fram; det er sant eg segjer; her er ei politisk Øsing

231

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free