- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
232

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so det er stygt aa vita um det; og Arbeidarsamfunde
... Folk trur, at dei arbeidar for Republik og fri
Kjærleik der nede ... Ha, ha, ha! —... ja, eg kjenner ikkje
til det, veit De; men Folk hev den Trui. Høyr, Frøken,
for Dykkar eigi Skuld: lat vera aa gaa i
Arbeidarsamfunde! — Fanny vart uppøst. Ho vilde ikkje svike si
Yvivitning for eit Livebrød; Borgar i eit fritt Land
vilde ho hava Lov til aa meine kva ho vilde ... — Orsaka,
Frøken; det er ingin som taler um Yvivitning; den
kann De hava so mykje De vil; men for Skuld
Forret-ningi bør De ikkje leggje ho so fram i Dagen... —
Hev eg ei Yvivitning, so stend eg ved ho! De trur De
kann bjode meg kva De vil, av di eg berre er ei
verjelaus Kvinne; men dersom Houen er ein slik..., at han
tek Posten fraa meg for Meiningar Skuld, so fær han
gjera det; eg kann fara til Amerika, eg; ja fyrr eg
læt meg tvinge til aa fornegte mi Yvivitning, fyrr gjer
eg Ende paa meg! — Eg trur De bør tenkje Dykk um,
Frøken, sagde Usnæs roleg; De stend ikkje aaleine
heller, veit eg; De hev ei Mor; um De ikkje bryr Dykk
um Dykk sjølv, so... Men det skil ikkje meg, veit De;
eg totte berre eg maatte segja ifraa... De tek det ikkje
ille upp? — Godkveld, Frøken! Han gjekk. Strakst
etter høyrde han halvkjøvd Graating; daa han snudde,
stod Fanny med Lümmeduken for Andlite og grét;
stridgrét. Eg ... skal ikkje gaa i Arbeidarsamfunde,
stunde ho. — Det kann eg like, svara Ilsnæs.

Men sidan kjende ho seg uærleg og torde ikkje vise
seg i Ungkarslagi hjaa Dagmar Dyring. Ho heldt seg
burte fraa Uchermann au so mykje som Raad var. Han
hædde so hardt desse Smaafolki som hadde Hugen sin
hjaa Vinstre men dulde Meiningane sine av Umtanke
for Maten... ho klara det ikkje: Fanteherk,
Lurve-herk, skjellte han, ræddkulsne, jammerlege Armods-

232

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0234.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free