- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
236

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

koma inn paa Treve; der sat ho og grét i tvo Timar,
kløkt yvi at det gjekk Vén hennar so godt. Aa, so gildt
som det var! aa, soleis maatte ho sjølv og ein Gong
vinne. Dagen etter sende ho ein Blomebundel til Gina
med ei Helsing; kanskje so Gina bad henne til seg ein
Kveld og fortalde henne um Utlande; — sæle
Menneskje som verkeleg hadde set Utlande! Ho venta paa
Svar i fleire Dagar. Endeleg kom der eit Helsingskort;
paa Baksida av det stod:

«Hjertelig Tak for Buketten og den venlige Hilsen.
Jeg skulde have takket før, men kunde ikke faa
op-spurgt Deres Adresse; jeg sender dette til Hr. Houen.
Endnu en Gang Tak!

Venskabeligst Deres

Gina Wiig.»

— — Uff, styvi; alltid styvi... Kva innbilte ho
seg? kva brydde den begavede Pianistinde seg um ei
Krambugjente ... Og tenk, «De» ... aa Gud, kor taapi
ho var; Gud! kor taapi ho var... Ish, ho maatte ut or
Krambui. —

— Men ho vart standande der Tid etter Tid. Paa den
same Flekken, i den same Vonløysa. Greidde dei same
Kauparane paa den same Maaten; sagde kvar Dag dei
same Ting med det same søte Mæle og den same
tilgjorde Smilen. Drog seg kvar Kveld heim same Vegen,
framum Tukthuse, Fatighuse, Likhuse, daudtrøytt,
utmødd, halvt i Ørske, heim til det same vonlause Lofte,
til den same gamle Kjeringi som tok imot henne med
det same Gnaale eller det same Slarvesnakk; og so ned
i den vesle skrale Feltsengi... det einaste i Verdi som
var godt, aah! ... og so byrja fraa nytt av i Morgo att:
upp halv sju, svevnug og sint; slite paa seg dei same
keidsame Klædi og gnaga i seg dei same keidsame

236

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free