Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
upp og ned Stigane; um Kvelden, naar ein daudtrøytt
og øydelagd skulde stelle Krambui i Skikk til i Morgo
att, kunde det bli so at ho berre sette seg ende ned,
reint klar, mest i Uvit, stynjande som i Barnsnaud eller
Bane. Joletidi øydelagde henne reint; ein Kveld i
Januar maatte dei sende henne heim i Vogn; ho Mor
vart so rædd at ho uvita mest, daa tvo Mann kom
halande med Fanny upp yvi Troppine.
XIX.
Det var ikkje faarlegt; det turvtest ingin vidare
Operasjon. Ein Smaating, sagde Doktaren; det er snart
yvistadi. Er De trulova? — Nei; aah, Morfin, Morfin
... — Ja for dersom De er trulova, maa me segja fraa
til Kjærasten. — Nei, nei, aah; eg herder det ikkje...
Ho var blaaflekkut i Andlite; paa Munnen kom Skum;
Verken var so fæl og Livrædsla tok henne so hardt, at
ho mest ikkje sansa.
Men daa det var yvistadi, skyna ho ikkje at ho hadde
kunna lata det gaa for seg.
Ho laag i Dagar og Nætar og stridde med ei Kjensle
av at ho var nedvyrd, mest vanæra; fy for ein
Vesaldom det var aa vera Kvinne. Der var ikkje Vit; ein
vart ikkje medfari som Folk ... Skjemsle og Vyrdløyse
heilt inn i siste Stundi. Ein Brotsmann paa
Rettarstaden kunde venta Living av sine Kjenslur; ei Kvinne
paa Sotteseng maatte eitt av tvo: talmast ihel, eller
gjera seg ubljug og lata seg handfara av kva Mannfolk
som helst som hadde ein Eksamen. Og det vart ikkje
annarleis; ingi Kvinne i Verdi hadde Mod til aa staa
fram og segja fraa um so saare Ting. Ho vilde ikkje
vera Kvinne! Ho vilde ikkje, vilde ikkje ...
238
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>