- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
242

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det fanst ikkje Menneskje som kunde tru kor laak ho
var. Han svara med Lovord. Priste henne, for ho var
frisk og naturleg; det er nettupp det beste ved deg,
det, at du er so lite upplærd! Ingi Formir, ingi
Fordomar, ingin Skule, eit fritt, hugheilt Naturbarn...
Veit du kva Hellenane kalla Kjærleiksdisi ?
Anadyo-mene ... den som er dukka upp or Have ... Du hev
dukka ung og frisk upp or sjølve Folkehave. Far din,
— ein vill, agalaus Røvar, eit Skogtroll, ein Nykk fraa
dei store Upplandsvassdrag; og Mor di? — ei Sydame,
ei Pedersen, Vén med Gamle-Kari; ho kunde ikkje lære
deg Damebragdir eller aga ditt trassige Sinn! Og med
alt dette er du gaaverik, framhuga, elt av denne Trong
etter aa naa det høgste; du er so mykje av
Framtidskvinna som Notidi kann skapa fram! — Seg meg, veit
du ... for meg er heile du i det... Veit du at du hev
slikt eit lite løglegt, trassigt, gutelegt Kast med Nakken
... eg skulde kjenne deg millom Tusund, berre eg fekk
sjaa denne stolt voggande, friborne Nakken... — Aa,
eg hev visst altfor mange Ugjerdir som eg ikkje veit
av. Uff; eg er so umogeleg, so umogeleg; og er ikkje
noko Menneskje; tenk... ja det er godt daa paa ei Vis
... tenk, eg kann ikkje elske! — Ho glytte burt aat
han fraa Sida; ho saag, at han skifte Andlitsbragd. So
sagde han: aa Snakk; du er berre ikkje av deim som
ein kann vinne med fagre Ord; den som skal vinne
Valkyrja maa kunna ride gjenom Elden! —

Uff; han var hugtekin; aa Gud, som alt var
raad-laust. Hu, slikt eit stakkars Kvinnfolk som berre kunde
gjera Ugagn der ho for; kvi kunde ho no ikkje elske
slikt eit utifraa Menneskje som han var? Kanskje totte
ho ikkje han var ven nok? ung nok? Kanskje kunde
ho ikkje elske andre enn finstrokne, mjølk-leitte
Sprettar ... uff; gjekk ho enno, kannhende, og sukka i Løynd

242

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free