Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Medisinaren sin? Uff nei; so laakt var det daa
ikkje med henne. Men endaa —!
No vart ho vel nøydd til aa skilja Lag med
Uchermann ög. Ja, ja; det var so; naadde ein i Live noko
godt ,so skulde det daa visst ikkje vara. For si eigi
Skuld maatte ho vel ög gjera det. Ho hadde tydeleg
høyrt Vénir fraa Arbeidarsamfunde murre attum
Ryggen hennar: «Fru Uchermann» ... Gjæve, høgtenkte
Folk; Sjælir fraa Rennesteinen ... Og ei Krambugjente
laut serskilt agte seg for Folkesnakk; slike Damur vart
ikkje trudde meir enn so. Ho hadde Ord for aa vera ei
fri Kvinne og; slike vart heller ikkje trudde; dessutan
... ho Mor ... fall det den minste Skugge paa Dotteri,
so kunde Folk taka til aa spyr ja meir etter um Mori med;
aa Gud, kor ho maatte vera streng; framifraa streng ...
Ræddhug. Den som hadde godt Samvit maatte kunna
klara eit Grand Folkesnakk. Ho hadde kje Raad til aa
sleppe fraa seg ein Kammerat som Uchermann; han
søkte henne jamt au; og Gud, kor løglegt han vilde
tykkje det var, um ho med ein Gong tok til aa slaa
Damekrullar. Uchermann hugtekin? — Tøv. Nei! som
ho var sjølvgod. Ho gjekk her og totte ho var ven;
gilda seg av den fine Panna si, det gilde lokkute Haare,
dei store djupe Augo ... Kvinnfolkvas ... det var greidt
ho var ei Gutesprengje; Faavisa si hugsa ho aldri! —
Ho dreiv i Lag med Uchermann sidan som fyrr,
all-stødt utrygg, allstødt i Sjølvverjing: sæl kann eg vera,
som hev fengi slik ein Kamemrat som du er; me Kvende
fær mest aldri samtala vitugt; vaare Medkvende er for
det meste likso styvne som me er sjølve; og Mennane
... bed me ein Mann forklaare oss kva Matematik er,
so trur han strakst me er hugtekne i han; kvi skulde
me faast ved han elles? Det er daa ein sjølvsagd Ting,
at eit Kvinnfolk ikkje kann bry seg um aa lære noko.
243
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>