Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Hovedstrømninger» og trudde ikkje paa noko anna
enn den frie Kjærleiken... ein Gong i Framtidi, skynar
du! — Ja no duger me ikkje til det. — Nei det er visst;
Gud! som me er ræddhuga!
Daa ho høyrde at Fanny endaa ikkje hadde gjevi upp
Teatertanken — «ikke helt» —, sette ho i: naa; so skal
eg daa ved Gud endaa faa gjort ei god Gjerning! —
Dagen etter kom ho dragande med ein ung Gut som nett
no gjekk og las hjaa Sködespélar Isachsen; den unge
Guten vilde «med Fornøielse dele sine Timer med
Frøkenen»; paa den Maaten kunde ho faa lesa fritt; «seg so,
um eg ikkje er din gode Lagnad Fanny!» — Fanny las
upp att «Kjærlighedens Komedie» og lærde dessutan ei
mindre, lettare Rolle; fylgde so med til Isachsen og lét
seg prøve; so kunde ho faa høyre ein kunnig Manns
Dom, um ikkje meir. Isachsen prøvde henne baade lengi
og vel. Han lét henne segja fram mest alle
Hovud-replikane til Svanhild; ein av deim lét han henne segja
upp att: «Jeg var en hjemløs i min Moders Hus...»;
so bukka han og sagde: det skal vera meg ein Hugnad
aa lesa med Dykk, Frøken; men eitt maa eg segja Dykk.
Naar ein skal til Teatre, so bør ein helst vera reint ung;
dei fyrste Vanskane er so mange, og Teaterlive er so
mykje annarleis enn ein gjerne drøymer seg det, at ein
treng heile den fyrste Ungdoms Eldhug og Tru, um ein
skal halde ut. De kjem til Teatre i ein heller mogin
Alder, Frøken; men som sagt: hev De Mod, so skal eg
gjerne hjelpe, det eg kann. Fanny vart oskegraa. I
Grunnen hadde den fine Mannen paa sin høflege Maate
sagt henne det ho burde ha visst sjølv: at ho var for
gamal.
Ho gjekk heim og grét yvi den brostne Draumen sin;
no var han brostin for Aalvor. Ho aatte ikkje Mod; ho
hadde berre Tvilsmaal. Ho vilde ikkje so mykje som
245
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>