Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tora fortelja Mor si slikt som at ho tenkte paa aa segja
upp Posten sin og vaage seg ut paa det uvisse; ho var
vel ingin rett Kunstnarnatur. Farvel, farvel. Ho dugde
til inginting. Fekk staa, der ho stod; staa og folne i
Krambui til dess ho ein Dag vart nøydd til aa gifte seg
med ein Vadsekk; det var Lagnaden hennar; ho saag
det tydeleg.
Det vart Natt um henne; myrkt fyri og myrkt bak.
Inkje noko aa gleda seg i, inkje noko aa vonast.
Lüne-ridine tok til aa bli faste no. Dei kom med eller utan
Tilhøve, ofte saman med visse kroppslege Ugreidur som
kunde faa henne til aa banne sit Kyn; ho gjekk og
grét i dagevis av berre Hugverk, berre uviss, uvitug
Otte, aalmenn, grenselaus Vonløyse.
Alt Folk vart keidsamt; ho trotta kje Dagmar Dyring
dessmeir. Dagmar var eltesam med sitt endelause
Mannfolksnakk. Desse Mennane, desse Mennane...
Herregud, kva hadde dei gjort henne, desse Mennane,
tru ? Dessutan var ho ikkje fri for aa vera lite stiv. Ho
totte visst ikkje at slik ei Krambugjente retteleg høyrde
med til «oss Kvinnur»; sjølv skulde ho no taka Artium.
Eit Kvinnesaks-Lag vart skipa; daa livna Fanny upp
att eit Bil. Endeleg skulde det daa bli meir enn Snakk;
endeleg skulde me faa arbeide for det me vilde. Ho
skreiv seg inn. Men daa det bar til Stykke, kunde ho
ikkje faa vera med; Samlage hadde sine Møte Klokka
seks, midt i den stridaste Arbeidstidi hennar.
Uchermann var og med; honom fekk ho til aa gjera Staak
um denne Møtetidi. Formannen i Lage svara, at Tidi
var sett til Klokka seks for Damune si Skuld. Som
me veit, sa han med ein høfleg Smil til Fruine paa
fyrste Benken, som me veit vil Damune ikkje gjerne
vera ute seint um Kvelden... — Fanny skreiv seg ut
av Samlage strakst. Det skulde vera eit Damesamlag,
246
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>