Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Greidleik i Handelen; segja Prisen med same! Eg kostar
ei Italiaferd; De fær meg for so og so mange hundra
Dalar kontant; ha, ha ha! — Ho bad Mor si halde Munn
med Tollarsnakke sitt og gjekk attende aat Krambui.
Men daa Lea ein Dag kom og sagde, at Thorseng bad
um aa faa laane henne Pengar til eit Skeid paa
Lærarskulen, fall ho graatande um Halsen paa Syster si og
sagde Takk. —
— Fraa Hausten gjekk Fanny paa Lærarskule.
Det var eit nytt Tiltak, som gav ny Von. Ebba sagde
nok, at ho ikkje maatte gjera seg store Tankar; — du
fær meir Fritid, sagde ho; men Fridomen skal me ikkje
tala um; me hev hundra Husbondar for ein, og Tilsyn
baade framme og bak, liksom me var paa Tukthuse.
Men Ebba hadde det med aa laste paa alt; det var vel
ikkje so gali som ho sagde. Du er daa sjølv mest
Fritenkjar, sa Fanny; og naar det kann gaa... — ja
innanfor Stogudøri ja, svara Ebba. Naa; likare enn aa
staa i Krambui er det vel alltid; er ein Lærar, so kann
ein daa sova um Ettermiddagen ... —
Fanny sat paa Skulebenken reint uppsett paa aa lære;
tok inn historiske og geografiske Kunnskapar som det
skulde vera Dropar, og var serleg gløgg i
Religions-timane. Ho hadde vori brydd med mange Spursmaal i
seinare Tid; dei skulde ho endeleg no faa Svar paa;
det var sjølve Pastor Løchen som var Religionslærar.
Ho vart styrkt i Trui si ög. Det stod æveleg fast at
me var Syndarar; altfor mykje kjende ho sjølv
Synd-sens Lov i Lémine sine. Frelse trengde me til; og
Vonir um eit Liv etter dette kunde ho aldri gjeva fraa
seg. Men kvifor Gud lét so mykje vondt hende? —
Det vonde skulde tene Guds vise Fyremaal, det med,
sagde Løchen. Men naar Fanny saag Emilie Lund flogse
um paa Gata i ein meir og meir uægte Damehams og
248
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>