- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
250

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

innum seg og rømde. Sidan gjekk ho aaleine i Flokken;
ho var Vinstrekvinne.

Ebba Lehman vart mest den einaste Trysti, Fanny
hadde. Naar det vart altfor vondt aa vera til, berga ho
seg upp til Ebba og drakk Bokk-01. Og so hjelpte dei
kvarandre med aa tykkje langt. For Ebba hadde det ög
langsamt. Reint forskræmeleg leid av seg var ho;
Hug-løysa kunde taka henne so hardt, at Fanny vart
heilt-upp forstøkt. Live var berre Lygn. Det fanst ikkje
Hugnad; for oss Kvinnfolk fanst det ikkje Moro heller.
Mennane vilde ha alt for seg sjølve, like til
Drykkje-stogo; ikkje aa nemne at dei vilde hava Eineretten til
aa drive Kjærleiksfjas. — Likare Postar? Aa
langt-ifraa. Det me trong um var Fridom til aa liva; men
um me fekk den, so torde me arme, ræddkulsne
Stakke-folki ikkje brüka ’n; det var ingi Raad med oss. Det
var eit fælt Mistak med dette Kvinnesaks-Tøve; Kvinna
kunde ikkje klara Live, mindre ho var styvi; olje-,
heste-, pylse-styvi; difor skulde ho ikkje lære nokon
Ting; ho skulde bli ali upp til Husdyr og Manninne og
til aa hyggje seg i all den Ufysa som fylgde med aa
vera gift; ish! Hu! so urett som det var av Gud aa
gjera sume til Kvinnfolk.

Ein Kveld tok Ebba fram or Kommoden sin ein litin
staalblank Ting ... kva i Guds Namn ... ein Revolver!
-— Uff! Gud hjelpe deg, Menneskje, han er vel ikkje
ladd?! — Du vene, vesle Vénen min, kjælte Ebba, du
einaste som er trugin, du einaste som veit Raad... —
Er han ladd, spyrr eg?! — Hyss daa, Fanny... sjaa
paa han; er han ikkje søt? — Ho lagde han ned att:
jau lu kann daa vita han er ladd; det er det som er det
gode ved han, veit eg!

Men til andre Tidir kunde Ebba vera reint overlag
lystig. Og naar dei tvo Vénine var i Godlag, tilstod dei

250

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free