- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
270

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Maate daa; men sidan ikkje. — Kva for Slag? Hev De
gjengi i alle dei Aari og —; nei det er ikkje Raad det,
forstend De. Det vilde vera reint mot all Røynd. — Ja
men det er so. — Ingin De hev brytt Dykk um? Ingin
som hev leika Dykk i Hugen? — Nei. Eg trur eg hev
havt for mykje anna aa tenkje paa. Aa, det hev vori ei
fæl Tid. Eg toler ikkje tenkje paa det; det er so reint
vonlaust. — Hev De noko som De helst ikkje vil
minnast? spurde han skjemtande. — Nei; ikkje noko
serskilt ; men alt, alt... Berre Vas, berre Tull; fraa det
eine til det andre i vilt Flog; og det eine helst verre og
taapnare enn det andre... aa; er det ikkje rart at ein
kann halde ut med slikt? — Ein held ut med alt. Han
gjekk ei Stund; so sagde han som for seg sjølv: ikkje
hugteki? Det var Fanden. — Kannhende De hev ikkje
noko Elskhug vidare ? lagde han til i ein lempeleg Tone.

— Kannhende det, mulla ho.

Nei; naar eg tenkjer attende paa det Live eg hev livt,
heldt Fanny fram, og so eg tenkjer paa, at det vel skal
bli um Lag like eins heretter, so tykkjer eg nok eg maa
ha Lov til aa tru paa eit anna Liv? — Ver so god,
Frøken! — Ja for elles vart det reint meiningslaust. —
Naa; De vil hava Meining i Live, De? Det er sgu
modigt. — Ja kvi skulde me elles liva? — Me liver av
di me ikkje idest døy, vel ? — Uff. Ja men... Eg
tykkjer alt Folk røder um Sæle ? Og so hev eg tenkt, at
den som ikkje vart sæl her, burde hava ei Von um...

— Me røder elles ikkje um Sæle no, braut han av;
me røder berre um so mykje Sæle som mogeleg; og
dermed meiner me endefram: so lite Sut som mogeleg.
Og kann me stelle oss so, at det vert som eit Samhøve
millom Sæle og Sut, so vil ein Gudbevars alltid kunna
tala um ei Meining i Live; men meir finn ingin paa aa
krevja. — Stelle oss, ja... Men me Kvinnfolk kann

270

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0272.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free