- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
271

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje stelle oss! Me maa taka Live som det vert stelt
for oss av andre; fyrst heime hjaa ho Mor, og sidan
hjaa den Herre og Husbond som vert oss gjevin... —
Ja men no skal de bli sjølvstendige, veit eg? — Trur
De me vert det daa? Trur De Kvinna hev nokor
Framtid for seg? Di meir eg tenkjer paa det, di mindre trur
eg det; uff; me er so jaalute og styvne og usætande...

— De vil, nei de vil ikkje? — Ja! — Alldrig vill jag
gifta mig, — tror jag? — Nettupp! Ho lo. Dersom eg
visste, heldt ho fram, kor mange eg hev kjent som svor
dyrt den eine Dagen at dei aldri vilde gifte seg, og som
Dagen etter var trulova... Og naar dei vert gifte, so
fær dei plent same Trui og Meiningi som Husbond. Me
hev ingi Meiningar! Me hev ikkje Tanke um det som
de kallar Yvivitning; me hev berre denne eine vesle
armodslege Tingen: gaa og lirke etter denne stakkars
Forsyrgjingi. — Pytt; det er sgU ikkje faarlegt for
dykk; de hev Barne, de. Um de vert aldri so vilt gifte,

— naar Barne kjem, so hev de so mykje Sæle som
mogeleg; den vesle gjev dykk meir Glede enn Mannen
veit um, jamvel naar han stend øvst paa Lykkestigen.

— Me skal hava Rome vaart i Barnekammerse daa? —
De skal faa Lov til aa føra Herar, for Fanden; men naar
de hev freista det eit Bil, so vil de leggje dykk paa Kne
og neste Hendane og graate som de var dengde: Herre
Gud, gjev oss ein Unge og eit Barnekammers! — Aa
ja; det er vel so ... Det kann vel ikkje nytte. — Kva er
det som ikkje kan nytte? — Kvinna hev ikkje nokor
Framtid; det vert ikkje noko av ho. — Ei stor Framtid
hev Kvinna i Vente, ikkje som Mann, men som Manns
Kammerat; og like eins hev Mannen ymist godt i Vente,
naar han vert Kammerat til Kvinna... Kvinna blir
endefram nøydd til aa lære Latin for Skuld oss usæle
Mannfolk. — Aa, det er vel ikkje so faarlegt for dykk?

271

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free