- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dessmeir! — Nei; det tykkjer eg ög. — Dei gjekk og
tagde eit Bil; han venta visst paa at ho skulde segja
eitkvart. Ho kjende seg sjuk; ho berre ynskte ho var
heime so ho kunde faa graate.

De hev i det heile vori mindre var um Dykk, skynar
eg, sagde Gram. Ei Dame som De maa stelle seg so,
at Folk veit korleis ho liver; seg meg, kann det vera
sant at De ikkje hev havt meir enn firti Kronur
Maa-naden? — Eg hadde seksti i seinare Tid; i Fyrstningi
hadde eg berre fem og tjuge ... — Ja men det kunde
De ikkje liva av? — Ho kjøvde Graaten: Nei. Han
tagna. Det lét seg beintfram ikkje gjera aa spyrja meir.

Men lite etter tok han til att. De er i det heile ikkje
sers i Lag til aa fortelja um Dykk sjølv, Frøken? —
Tonen var speande; ho vart iskald. Eg tenkte ikkje De
brydde Dykk um det, svara ho stutt. — Naa —; slikt
eit — minst sagt — underlegt Samhøve, me er komne
uppi... ein maa daa hava som ein Kjennskap til
kvarandre, forstend De! — Eg tykkjer eg kjenner Dykk so
godt, eg. — Det gjer De no ikkje, Frøken; og kor som
er so kjenner ikkje eg Dykk! — Nei. — Er det i det
heile nokon som kjenner Dykk, Frøken? — Eg vil daa
tru det! Til dømes? — Naa ... Helga Markussen. —
Nei; Fru Markussen kjenner Dykk ikkje. — Kva for
Se. . . — Ho raaka Dykk i Arbeidarsamfunde ein Gong,
segjer ho, i Lag med ein Krambukar; sidan kom
Krambukaren burt og vart etterfylgd av denne
Uchermann. . . — Det segjer ho ikkje!! — Naa; um ikkje
nettupp paa den Maaten. . . Seg meg, den Handelsguten,
— var det kanskje den same som han unge Spretten,
Opthun fortalde um? — Nei. Noko etter heldt ho fram:
elles kjenner Ebba meg betre. — Frøken Lehmann veit
inkje anna enn godt um Dykk, sagde han; men etter det
Opthun fortél, vil ho med det fyrste skilja Lag med

277

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0279.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free