- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dykk, av di ho trur at De no for Tidi liver i fritt
Ægte-skap med meg. — Aa Gud, kor han lyg! — lyg!! — Uff,
ikkje skrik so ... Men De ser, at naar det gjeld Dykk,
se hev eg ikkje mykje aa halde meg til.

Ho steintagna. Stakkars Gjente; hadde ho kanskje
gjort seg Tankar, men saag no at det ikkje kunde bli?
— Dei nærma seg Porten; han til aa tala um, at ho
burde gifte seg. De skal ikkje gaa her og bli Møykjering,
sagde han; finn Dykk ein skikkeleg Mann som kjenner
Dykk, og som De kann lite paa ... Braat flaug ho fraa
han og inn; han totte han høyrde kvævd Graat
upp-etter dei myrke Troppine. —

— — Fanny hadde søkt Post ved Aalmugeskolen;
den fekk ho ikkje. Men ho kom til aa vera Hjelpelærar
eit Bil for ei som hadde fengi Stipendium og skulde til
Stockholm og gjera seg kjend med småskolan. Det var
ein Smaagutklasse Fanny fekk, som vel var;
Smaa-gutane var ikkje so trollute av seg som Gjentune. Og
det var godt aa faa noko aa stelle med att. Det kunde
bli eit hugsamt Yrkje ög dette, — naar det berre ikkje
var desse velsigna Religionstimane.

Det kunde klara seg med Kristindomen, so lenge ein
kunde halda han noko paa Fraastaand; tru paa dei store
Grunnane i han og lata Resten vera for det det var.
Men her skulde alt bli framlagt og utgreidt, og daa vart
det verre.

Det var so Spursmaali stundom reint kunde setja seg
fast i Halsen paa ho. Det var i Friskulen; og aa
for-klaare for dei blaableike, fillute Ungane, at det skulde
elske Gud av di han gav deim Klæde og Mat ... me fær
ikkje Klæde og Mat! kunde dei finne paa aa segja.
Eller dei Gutane som hadde ein stygg Heim, med fyll
og Griseskap, — aa lære dem, at dei skulde elske og
ære Foreldri sine; eller fortelja deim, at Jesus hadde

278

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0280.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free