Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
5
Han var i djupe Tankar, han Enok, og det solbrune
Andlite saag med sine nedslegne Augo og eit pint Drag
um Munnen urolegt og kvidefullt ut. Naar tru han
vilde gjera Aalvor av dette? Kor lengi vilde han gaa
her som ein Syndetræl og aldri faa Fred? Han hadde
daa kje selt seg til Sattan paa Livetidi? — som Lars
Nordbraut sa i Uppbyggelsen sist. Og dessutan,
Livetidi .....,Du Daare, i denne Nat kræve de din Sjæl
af dig" . . . kva vilde det daa nytte han, det vesle
han kunde ha samla?
Ikkje „samla" han noko heller. Snarere gjekk det
den andre Vegen no. Arven hennar Anna var
upp-fcydd paa dette Nybrote, og endaa var kje meir enn halve
Axrvollen innlagd. So skrinn som Jordi der var, kunde
det drygje lengi fyrr dei Pengane kom att. Endaa
godt so lengi den gamle Sylvstasen var att, og
Gullringane; „ein var kje Fant, so lengi der var Sylv paa
Garden", som han Far jamt hadde sagt. Men no var
Enok skuldig baade her og der, hjaa Kaupmannen for
Varur, hjaa Simon Ramstad for ei Ku; han Hans,
Drengen, skulde ha Pengar til Fiskje; og so var det
Skattane som vaks og vaks . . . Det ein skulde vende var
der lite aa faa fyri, men det ein skulde ha att var
vitlaust dyrt; det vart so trongt og stengt paa alle
Kantar, at ein kunde bli mest yvigjevin. Og Borni vaks
til, og Sko og Klæde skulde dei ha . . .
Det var Velsigningi som vanta. Der var kje Drygsle
i nokon Ting, naar Gud ikkje var med. Det lønte
seg kje i det timelege heller aa tena Hin-Mannen.
Aa nei, nei.
Den som kunde vinne seg yvi og bli eit Gudsbarn.
So kunde ein vera tryggare i det jordiske au. Ein
kunde kaste si Sorg paa Herren, som hadde Umsut
endaa for Ramneungar. Og som der stod i Forklaaringi:
„For hvem sørger Gud allermest? For sine troende
Børn." Og like eins: „Er der nogen Nytte ved at
elske Gud? Ja, stor Nytte; thi vi vide, at alting tjener
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>