Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
FRED
dem til Gode som elske Gud." Ja tenk aa hava Gud
sjølv til aa forlata seg paa. Tenk aa vera fri all Sut;
faa Fred for all Otte, all Uro . . . enno aldri i sitt
Liv hadde Enok havt ein fullglad Dag. Det var ein
Ufred han sjølv ikkje forstod, ein Knute for Bringa
som aldri losna; alltid gjekk han som han skulde ha
gjort noko vondt; som han skulde ha noko aa ræddast
fyri. Aldri var han trygg; aldri kunde han setja seg
i Ro, ikkje i si eigi Stogu dessmeir; ja um han kunde
tykkjast vera fornøgd au for ei Stund, i godt Lag eller
i friskt Sjau, — Uroi laag der inne og tærde likegodt;
so det vart berre ei Utanpaa-Glede. Og han vart drivin
fraa det eine til det andre i eit Jag utan Stans; alt
som var nytt døyvde for ei Stund, men berre for ei
Stund; so kom Ufreden att, og han var like nære. Aa
ja; det var inkje aa undrast paa. Den som ikkje hadde
Fred med Gud, han hadde det soleis. Det var kje
Under at han var uroleg, so lengi kvar Stund som
gjekk berre førde han nærare og nærare Helvites
Avgrunn.
Merri stana, so han mest datt framstupes; det bar
mot Bakke att, og Brunko vilde hava ’n av. Enok steig
av Kjerra og gjekk Bakken. Det var ein godt
midels-høg Mann, akselbreid og velvaksin; han var berleg aa
sjaa og førde seg godt. Men Hovude bøygdest som
under ei Tyngd, og Augo stirde mot Jordi mødde og
fortenkte.
Det hadde vorti so underleg stilt; og det myrkna og
myrkna. Audsleg og tom var Verdi no. Ikkje ein
Laat og ikkje eit Liv. Berre han og den brune Merri
hans midt paa svartaste Heidi. „Aa ja, ja; Gud, ver
hjaa oss . . . naar det lid til Aften og Dagen
hælder!"
Dei var komne upp Bakken; han stana og sette seg
paa att. Hyss . . . var det so, tru? — Prrr. Han
heldt Merri og lydde. Ja var det kje mest det han
hadde tykt. Det hadde legi noko under. Det laag
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>